Skip to content
← Back to job listings

Spesialsjukepleiar, sjukepleiar eller vernepleiar

HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS · Vestland, Norway

Imported listingfull-time27 days ago

About The Role

DPS Døgn allmenn har ledig 100 % fast stilling for spesialsjukepleiar, sjukepleiar eller vernepleiar Psykiatrisk klinikk består av to DPS-sengepostar og ein poliklinikk med ambulante tenester. Klinikken gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Avdelinga har også sentralsjukehusoppgåver med akutt døgn med ØH-plikt, sikkerheitspost og ambulant vaksenhabilitering. Avdelinga Psykiatrisk klinikk har om lag 200 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø. DPS Døgn allmenn har 14 døgnplassar, inkludert ein brukarstyrt plass. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåvene våre er utgreiing, behandling og rehabilitering med vekt på miljøterapi. Vi tek imot pasientar til både frivillig og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø. Startdato: Etter avtale

Arbeidsoppgåver Arbeid på sengepost Undervisning/rettleiing

Fungere som ansvarsvakt og primærkontakt Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen Miljøterapi Pårørandearbeid Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg behandling på sengeposten Delta i dei arbeidsoppgåvene som til kvar tid ligg til sengeposten Andre oppgåver etter avtale med leiar Turnusarbeid,. Langvakter kan vere aktuelt dersom ønskjeleg. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar

Relevant vidareutdanning, til dømes innan psykiatri eller SEPREP, blir vektlagd, men er ikkje eit krav. Relevant erfaring er ønskjeleg Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg Personlege eigenskapar Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottar gjerne hjelp Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press Personleg eignaheit vert vektlagt Vi tilbyr Eit meiningsfylt arbeid med moglegheit for fagleg og personleg utvikling Opplæring Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp

verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning

frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og

kompetanse. KontaktinformasjonIngun Indrebø, Seksjonsleiar, (+47) 478 90 705

ArbeidsstedSvanehaugvegen 2

  • 6812 Førde
  • Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
  • Referansenr.: 5171465609
  • Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.09.2026

Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing