Skip to content
← Back to job listings

Gut på 22 år trenger ekstra armar og bein. Og aller helst heile folk.

MEDVIND ASSISTANSE AS AVD SØRVEST · Vestland, Norway

External listingfull-time7 days ago

About The Role

  • Kven er eg?
  • Kjappe replikkar, glimt i auga og god nordnorsk humør. Kan nok bli sit-down komikar kva
  • tid som helst. Bruker elektrisk rullestol, og trenger hjelp til mykje, bortsett frå gaming. Du
  • kan joine, men då må du ha med eigen PC.
  • Det er supert om du likar å kjøre bil, for du blir nemlig privatsjåføren min (det er jo noko å
  • ha på CV-en!). Det blir råning med meg som DJ. I alle fall i helgene. Og du må kanskje
  • vere med meg på fest. Og kino. Kino er kjekt. Eg spanderer!
  • Eg har sett det meste av matprogram og prøver stadig nye rettar. Ceviche og andebryst er
  • ikkje uvanleg om eg har invitert folk på middag. Viss du har sett Ratatouille, så er
  • samarbeidet slik at eg fjernstyrer deg. Eg forteller og smakar til, og du gjer kokkeleringa for
  • meg. Krydderhylla er stor, grillen større, og det vert handla hos slaktar i Stavanger
  • innimellom. Då må ikkje vere utdanna kokk, men det er fint om du kan steike noko anna
  • enn pizza. Viss ikkje, så skal kan du glede deg til å lære deg nye rettar.
  • Det er fint om du kan ta i eit tak, men eg har personløftar og andre smarte hjelpemiddel.
  • Så du slepper i alle fall å løfte meg.
  • Eg trener innimellom hos fysioterapeut. Dersom du skal bidra med noko, så får du
  • opplæring der.
  • Eg er ikkje sjenert og har mellom anna spelt inn fleire undervisningsfilmar for elevar på
  • vidaregåande. Du kjem til å bli godt kjent med meg, for du må hjelpe til med blant anna
  • personlig stell og hygiene. Men det finst heldigvis gode hjelpemidler her og, takk og lov for
  • handsfree...
  • Eg bur for meg sjølv, så det blir noko husarbeid, og praktiske gjeremål. Kle må vaskast,
  • golv må vaskast, det må handlast, og det må sjå greit ut på assistentrommet.
  • Det er greit å vere passe laid-back. Ting skal gjerast, men det er sjeldan stress eller mykje
  • å gjere. Eg skal jo kvalitetssikre videoar på Youtube, game og sjå film. Så det er fint om du
  • sysselsetter deg sjølv litt. Det vert mykje tid til surfing, strikking, spikking, eller lesing om
  • det er di greie. Studerer du noko? Ta med bøkene, det blir ofte tid til å lese og skrive på
  • oppgåver.
  • Nokre gonger i året må eg på EU-kontroll på sjukehuset. Då kan det hende du må bli med,
  • og overnatte på pasienthotellet. Eller så kan det hende du må bli med meg på roadtrip om
  • eg skal på tur. Men slik planlegger me i god tid, slik at alt går greit.
  • Kven er du?
  • Du bør vere trygg på deg sjølv, kunne løyse problem og ta ting på strak arm.
  • Du er punktlig, pliktoppfyllande og til å stole på.
  • Du jobbar godt sjølvstendig, og hjelper til med det som trengst. Utan at eg må mase.
  • Du er strukturert og har god ordenssans, i alle fall på mitt nivå.
  • Du må kunne bidra i bassenget om eg skal dit.
  • Du må ha førarkort klasse B, og må ikkje vera redd for å køyra stor bil då eg har ein lang
  • caravelle.
  • Du snakker og skriver flytande norsk.

Det er ein fordel om du har

  • relevant arbeidserfaring
  • arbeidserfaring frå helsevesen, men det er ikkje eit krav.
  • god kommunikasjon og kjemi med meg
  • er ungdommeleg, sjølv om du kanskje nærmar deg pensjonsalder.

Det er to skift i døgnet, både vekedagar og i helgene

  • Dag: 0700-1910.
  • Natt: 1900-0710.
  • Det er fleire faste assistentar, og eit par vikarar, som jobber her.
  • Det er 7-10 assistentar, damer og menn, i alderen 20 til "det spør ein ikkje om" som
  • rullerer på vaktene. Du møter dei stort sett berre på vaktbytte, men du jobbar åleine.
  • Medvind Assistanse vert arbeidsgivar. Dei betalar lønn og slikt.
  • Eg og mamma er arbeidsleiarar. Så me setter opp turnusen, og fikser vikarar om det
  • trengst. Og lærer deg alt du trenger for å lukkast og trivast i jobben.
  • Me trenger og vikarar, så om du har lange friperiodar, eller er ledig ei helg i ny og ne, så
  • kan du gjerne gi lyd om du vil vere vikar.
  • Viss du lurer på om dette er noko for deg, så kan du gjerne ta kontakt.
  • Det er ingen krav om formell utdanning når ein skal jobbe som BPA-assistent. Vi ser alltid
  • etter ein god match mellom arbeidsleder og assistent. Personleg egnethet vektleggast.
  • Vi tilbyr konkurransedyktige betingelser, rask og effektiv oppstart for aktuelle kandidatar og
  • fast kontaktperson hos Medvind Assistanse.
  • Det er behov for både faste ansatte, tilkallingsvikarar og ferievikarer.

Om stillingane

Stilling 1 dag kl. 07:00-19:10

Vaktuke 1

Fri

Vaktuke 2

  • Lørdag
  • Søndag

Vaktuke 3

Onsdag

Torsdag

Vaktuke 4

Mandag

Tirsdag

Stilling 2 natt kl.19:00-07:10

Vaktuke 1

Mandag

Tirsdag

Vaktuke 2

Fredag

  • Lørdag
  • Søndag

Vaktuke 3

Fri

Vaktuke 4

Mandag

Tirsdag

Onsdag

Torsdag

Stilling 3 natt kl.19:00-07:10

Vaktuke 1

Fredag

Lørdag

Søndag

Medvind Assistanse AS er et norskeid selskap som leverer likestillingsverktøyet BPA for mennesker med funksjonsvariasjon. For funksjonsvarierte skal BPA bidra til å til å gi mulighet til å leve et aktivt og selvstendig liv med fokus på selvrealisering og samfunnsdeltakelse. BPA handler like mye om friheten til å kunne velge hvilket liv man vil leve, og hvem man vil være. Med BPA skal man i størst mulig grad kunne ivareta plikter, interesser, behov og ønsker som alle andre samfunnsborgere.

Medvind Assistanse AS ble stiftet i 2020 og har lokale kontorer i store deler av landet. Om arbeidsgiveren: null

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing