Skip to content
← Back to job listings

Vi søkjer vikarar til sommaren 2027

HELSE FØRDE HF NORDFJORD SJUKEHUS · Vestland, Norway

On-siteImported listingtemporary3 days ago

About The Role

Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus søkjer ferievikarar sommaren 2027. Vi har behov for sjukepleiararstudentar, helsefagarbeidarar/ hjelpepleiarar, medisinstudentar og assistentar med erfaring i perioden 15.06.2027 - 22.08.2027. Sengeposten er ein heildøgns sengepost med totalt 16 senger, inkludert 3 observasjonssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord og tek imot det meste av den augeblikkelege hjelpa frå regionen. Her får du jobbe med mange forskjellige diagnosar innafor indremedisin, og kan opparbeide deg verdifull erfaring i eit variert og lærerikt fagmiljø. Oppgi i søknaden kva periode du kan arbeide og ønskja stillingsprosent. Opplæring kan med fordel starte tidligare.
Arbeidsoppgåver Observasjon og måling av vitale parameter Ivareta pasientane sine grunnleggande behov knytt til pleie, omsorg og aktivitet Mottak av pasientar og kartlegging av hjelpebehov Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal (DIPS/MEONA) Samarbeid med andre faggrupper på sengeposten Oppfølging av daglege rutiner i sengeposten Todelt turnus (dag/kveld) for helsefagarbeidar og studentar Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon helsefagarbeidar/hjelpepleiar Sjukepleiarstudent Medisinstudent Assistent med erfaring fra sjukeheim/sjukehus Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du har motivasjon og er interessert i å bidra til at pasientane får ei best mogeleg oppfølging under innlegginga Du kommuniserer godt med pasientar og pårørande Du samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar Du er god til å sjå kva som skal gjerast, og tilbyr og mottar hjelp Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø Du trivast i eit aktivt og travelt miljø Du er fleksibel og engasjert Vi tilbyr Ein spennande og utfordrande jobb Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø #sommarjobb#sommarjobbnordfjord#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse KontaktinformasjonMaria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264
ArbeidsstedSjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5201239959
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.01.2027

Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing