Sjukepleiar? Nyutdanna eller med lang erfaring? Kom og jobb hos oss i sommar!
HELSE FØRDE HF NORDFJORD SJUKEHUS · Vestland, Norway
About The Role
Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus søkjer ferievikarar sommaren 2027. Periode: 14.06.2027 - 22.08.2027. Vi har behov for: Sjukepleiarar Sjukepleiarar med kompetanse frå overvaking, observasjonspost, intensiv o.l. Sengeposten er ein spennande heildøgns sengepost med totalt 16 senger, inkludert 3 observasjonssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord og tek imot det meste av den augeblikkelege hjelpa frå regionen. Her får du møte mange ulike indremedisinske problemstillingar og opparbeide deg verdifull erfaring i eit variert og lærerikt fagmiljø. Vi går i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Opplæring kan med fordel starte tidlegare. Oppgi i søknaden kva periode du kan arbeide, og kva stillingsprosent du ønskjer.
Arbeidsoppgåver sengepost: Ta imot pasientar som kjem til avdelinga Observasjonar og målingar av vitale parameter Gruppeleiing og medikamenthandtering Ivareta pasientar sine grunnleggande behov i høve pleie, omsorg og aktivitet Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal DIPS/Meona Kontakt med kommunane via PLO-meldingar Oppfølging av daglege rutiner i sengeposten Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg Ønskje om erfaring med DIPS/MEONA, men opplæring vil bli gitt Personlege eigenskapar Du kommuniserer godt med pasientar og pårørande Du samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar Du likar å arbeide i spennande og til tider krevjande situasjonar Du er god til å sjå kva som skal gjerast, og tilbyr og mottar hjelp Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø Du er fleksibel og engasjert Vi tilbyr Ein spennande og utfordrande jobb Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø Fagleg utvikling #sommarjobb#sommarjobbnordfjord#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse KontaktinformasjonMaria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264
ArbeidsstedSjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5201209195
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.01.2027
Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Similar roles you might like
See all →This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing