Skip to content
← Back to job listings

Sommarvikariat - cand.med/ medisinstudent med lisens

HELSE FØRDE HF PSYKIATRISK KLINIKK FØRDE · Vestland, Norway

On-siteImported listingtemporary2 days ago

About The Role

Psykiatrisk klinikk søkjer <cand.med>. til sommaren 2027. Arbeidsperioden er 21.06.2026-15.08.2027. Medisinstudentar med lisens er velkomne til å søkje. Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn, og har i tillegg sentralsjukehusoppgåver innan akuttpsykiatri, vaksenhabilitering, lokal sikkerheitspost og ambulant sikkerheitsteam. Klinikken har 18 faste legestillingar og tek imot LIS1 og medisinstudentar vår og haust. Nyttig informasjon ved jobbsøking til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF
Arbeidsoppgåver Delta i utgreiing og behandling av pasientar med psykiske lidingar med rettleiing frå overlege Delta i vaktordning på Psykiatrisk klinikk sine einingar og sengepost for barn og ungdom (UPH) Ein må rekne med å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege Medisinstudentar med lisens er velkomne til å søkje. Gode språkkunnskapar i norsk, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell) Søkjar må ha førerkort i klasse B Personlege eigenskapar Du har motivasjon og interesse for fagfeltet Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Vi tilbyr Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Godt utbygde IT tenester. Vi brukar pasientsystemet Dips. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSigmund Erling Bjørhovde, Seksjonsleiar Legar PSK, (+47) 900 37 348
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5200691642
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.12.2026

Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing