Lærar Bryne skule - 100% vikariat
BRYNE SKULE · Rogaland, Norway
About The Role
Bryne skule er ein tradisjonsrik sentrumsskule midt i Bryne, med om lag 400 elevar. Me har dei siste åra hatt ei tydeleg satsing på inkludering og mangfald, og arbeider kontinuerleg med å utvikla eit godt læringsmiljø for alle elevar.Dette skuleåret står systematisk fagleg utvikling og rask språkleg støtte sentralt i utviklingsarbeidet vårt.Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt kollegium med godt humør, engasjement og høgt under taket.Velkommen til Bryne skule!
Arbeidsoppgåver Undervisning og fagleg oppfølging i klasse og med enkeltelevar/elevgrupper. Du vil arbeida i tett samarbeid med andre kolleger og må ha gode samarbeidsevner. Kvalifikasjonar Godkjent lærarutdanning for 1.-7.trinn, med særleg vekt på godkjent undervisningskompetanse i basisfaga norsk, matte og engelsk. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen Me tilbyr Gode pensjonsordningar Løn etter tariff Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til. KontaktinformasjonJone Siqveland, rektor, 952 69 604, <[email hidden]>
ArbeidsstadOla Barkveds veg 16
4340 Bryne
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5201804869
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 08.11.2026
Om arbeidsgiveren: "Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Similar roles you might like
See all →This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing