Skip to content
← Back to job listings

Dagleg leiar/Verdsarvkoordinator

NÆRØYFJORDEN VERDSARVPARK STI · Vestland, Norway

On-siteImported listingfull-time1 day ago

About The Role

Vestnorsk fjordlandskap vert rekna som eit av dei mest dramatiske og spektakulære landskapa i verda, med nokre av dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane. Det storslåtte landskapet har trollbunde besøkande til alle tider.

Hva vi ser etter
Personlege eigenskapar

Du er ein tydeleg og motiverande leiar

Du er utviklingsorientert og ser moglegheiter

Du har gode samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar

Du arbeider strukturert og sjølvstendig

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Arbeidsoppgaver
Som dagleg leiar og verdsarvkoordinator får du det overordna ansvaret for drift og utvikling av verdsarvparken. Du vil spele ei sentral rolle i å følgje opp parkplan og strategiar, og i å utvikle gode samarbeid med partnarar og aktørar i regionen.
Stillinga inneber tett dialog med styret, samarbeidspartnarar og offentlege myndigheiter, og krev både strategisk og operativt arbeid.
Arbeidsoppgåver

Leiing av den daglege drifta av verdsarvparken

Oppfølging og vidareutvikling av parkplan og strategiar

Personalansvar for tilsette og prosjektmedarbeidarar

Budsjettansvar og økonomistyring

Byggje og vidareutvikle samarbeid med kommunar, verksemder, organisasjonar, grunneigarar og lokalsamfunn

Søkje finansiering og forvalte tilskotsmidlar

Synleggjere verdsarvparken gjennom formidling, kommunikasjon og profilering

Arbeide for berekraftig verdiskaping basert på natur- og kulturarv

Samarbeid med stiftingar og Norges verdensarv

Kvalifikasjonar

Relevant høgare utdanning

Erfaring med samarbeid og nettverksbygging

God forståing for samspelet mellom vern, næringsutvikling og lokalsamfunn

Gode leiareigenskapar og god økonomiforståing

God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Det er ein fordel med:

Kjennskap til offentleg forvaltning og tilskotsordningar

Erfaring med søknadsarbeid og finansiering

Kjennskap til regionen og verdsarvområdet

Vi tilbyr
Vi tilbyr

Ei spennande og meiningsfull leiarstilling i eit internasjonalt verdsarvområde

Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i skjeringspunktet mellom vern og utvikling

Moglegheit til å påverke utviklinga av lokalsamfunn og næringsliv i regionen

Eit engasjert fagmiljø og breitt samarbeid med regionale aktørar

Løn og tilsetjingsvilkår etter avtale

Om arbeidsgiveren: Nærøyfjorden Verdsarvpark vart skipa som ei stifting i 2008. Føremålet er å drive samfunns- og næringsutvikling. Utviklingsarbeid, skjøtsel og restaurering bidreg til å ivareta verdsarven og lokal kultur. Verdsarvparken skal vera eit fyrtårn og ein pådrivar med verdsarv som kvalitetsplattform.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing