Skip to content
← Back to job listings

Assistent/miljøarbeider

TOKKE KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSETATEN ADMINISTRASJON · Telemark, Norway

On-siteImported listingtemporary9 days ago

About The Role

Me søkjer etter 1-2 trygge, omsorgsfulle og ansvarsbevisste assistentar til arbeid i privat heim hjå ein ung person. Stillinga er eit vikariat på 10-20% frå 4. januar 2027-15. september 2027. Tidlegare oppstart er mogleg. Arbeidstida er for tida hovudsakleg på ettermiddag 2 dagar i veka. Stillinga passar både for deg med helsefagleg bakgrunn og for deg som har relevant erfaring eller interesse for omsorgsarbeid.
Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene går i hovudsak ut på å bidra til ein trygg og føreseieleg kvardag i heimen.Dette inneber mellom anna: Tilsyn og praktisk støtte i kvardagen Delta i daglege aktivitetar og legge til rette for meistring Skape ro, tryggleik og struktur Kvalifikasjonar Ynskjeleg med helsefagleg bakgrunn, men ikkje eit krav. Erfaring frå arbeid med barn og ungdom med særskilde behov er ynskjeleg. Vi legg stor vekt på relevant erfaring. Det blir vektlagt at ein er eigna for stillinga. Personlege eigenskapar Er roleg, påliteleg og trygg i møte med andre Har gode samarbeidsevner, men også kan arbeide sjølvstendig Er fleksibel og løysingsorientert Har gjerne erfaring frå omsorgsarbeid, men dette er ikkje eit krav Vi tilbyr Ein meiningsfull og trygg arbeidskvardag God opplæring og oppfølging Løn etter gjeldande avtale Arbeidstid kan variere Stillinga kan tilpassast både deltids- og heiltidsarbeid i samråd med tenestemottakaren Andre opplysningar Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.Den som får stillinga må ha førarkort og bil til disposisjon i arbeidet. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben. KontaktinformasjonMarit Bråstøyl, Kommunalsjef helse og omsorg, 48220538, <[email hidden]>
ArbeidsstadRevahaugvegen 2
3880 Dalen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Tokke kommune

Referansenr.: 5198631156
Stillingsprosent: 20%
Vikar
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 15.09.2027
Søknadsfrist: 05.11.2026

Om arbeidsgiveren: Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing