Skip to content
← Back to job listings

Vestnes legesenter

VESTNES KOMMUNE LEGESENTERET · Møre og Romsdal, Norway

On-siteImported listingtemporary5 days ago

About The Role

Stillingstype Det er ledig vikariat i 100 % stilling som sjukepleiar/helsesekretær ved Vestnes Legesenter. Oppstart ov varighet etter avtale. Arbeidsoppgåver Arbeidet på legesenteret er organisert med rotasjon på 4 arbeidsstasjonar: laboratorium, skiftestue, resepsjon og arkiv. Søkjaren må vere i stand til å arbeide på alle 4 stasjonar. Laboratorium: prøvetaking, diverse analyser samt klargjering av prøver til sending. Ta EKG, spirometri og 24 timars blodtrykk. Skiftestue: bistå legane i pasientbehandling og gjennomføre behandling ordinert av lege som f.eks. sårbehandling, medikamentinjeksjonar m.m. Resepsjon: betjene sentralbord, ta imot pasientar samt handtere oppgåver som desse henvendelsane genererer. Arkiv: svare på telefonar og utføre oppgåver i samband med dette, arkivere dokument, sortering av post samt anna førefallande kontorarbeid. Det er tilsett bioingeniør ved legesenteret. Kvalifikasjonar Du må ha autorisasjon som sjukepleiar eller helsesekretær- erfaring frå arbeid ved legekontor- beherske norsk muntlig og skriftlig. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2- datakunnskap - ha gode kommunikasjonsevne Personlege eigenskapar - du må være faglig engasjert - ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team- det vert vektlagt at ein er personleg eigna- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i et hektisk miljø Vi tilbyr - godt arbeidsmiljø og gode kollegaer- løn i høve gjeldande avtaleverk- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid- pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale Tilsettingsvilkår Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju. Referansar Oppgi referanse Søknad Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju. Søkjarlista kan bli offentleggjort. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Vestnes legesenter er lokalisert i sentrum av Vestnes kommune. Vestnes ligg idyllisk til, midt i Møre og Romsdal. Her er det kort avstand til nabobyane Molde og Ålesund, samt 30 min. unna Åndalsnes/Rauma. I Molde og Ålesund er det flyforbindingar til resten av landet, medan Åndalsnes har togstasjon. Vi er stolt av den flotte naturen vår med Romsdalsalpane i eine enden og Sunnmørsalpane i andre enden av kommunegrensa. Det er kort veg til attraksjonar som Rampestreken, Romsdalseggen, Trollstigen, Geiranger, Atlanterhavsvegen m.fl. Kommunen er ein båtbyggarkommune med fleire store skipsverft. Det har dei siste åra vore fokus på utvikling av næringslivet med fleire støtteordningar til lokale gründerverksemder. Les meir om den flotte kommunen vår på <ivestnes.no>

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing