Barnehagelærar/pedagogisk leiar
HERØY KOMMUNE BARNEHAGEAVDELINGA ADMINISTRASJON · Møre og Romsdal, Norway
About The Role
Vi søker ein dyktig og engasjert barnehagelærarar/pedagogisk leiar til Herøy kommune. Her får du moglegheita til å vere ein viktig del av barna si utvikling der leik, læring og omsorg går hand i hand. Vi legg vekt på arbeid med trygt og inkluderande barnehagemiljø, i tillegg til alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).Vi driv eit aktivt utviklingsarbeid. Med basis i nasjonal og lokal rammeplan legg vi særskilt vekt på språkutviklinga til barna, og ser dette i ein heilskapleg samanheng med lesing i grunnskulen. Vi har ledig eit 100 % vikariat som barnehagelærar/pedagogiske leiar i for tida Myrsnipa barnehage i perioden 01.01.2027 - 31.07.2027. Vi ser fram til å motta søknaden din!
Arbeidsoppgåver leie og/eller ta del i arbeidet med å skape gode lærings- og arbeidsmiljø legge til rette for eit godt samarbeid med foreldra og andre involverte partar i barnehagen legge til rette for eit utviklande og inkluderande leikemiljø leie og/eller ta del i pedagogisk utviklingsarbeid skape gode kvardagar for små og store på di avdeling og heile barnehagen tverrfagleg samarbeid Kvalifikasjonar godkjend utdanning som barnehagelærar eller førskulelærar dersom vi ikkje får kvalifisert søkar med kompetansekrav barnehagelærar, kan barne- og ungdomsarbeidar verte vurdert for stillinga gjerne rettleiingskompetanse ein trygg og tydeleg leiar som inspirerer både barn og kollega evne til å skape eit inkluderande og trygt miljø for alle kunnskap om den autoritative vaksenrolla kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg god digital kompetanse For arbeid i barnehage er det krav om bestått norskprøve i tråd med føringar i Lov om barnehagar § 27. Godkjent politiattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Personlege eigenskapar er engasjert, målretta, fleksibel og lærevillig tek initiativ til samspel og aktivitet overfor både barn og kollega ser verdien av tverrfagleg samhandling god på samhandling og kommunikasjon, i tillegg til at du meistrar å arbeide åleine ser løysingar på utfordringar oppteken av å skape ein god kvardag for barna Vi legg vekt på personlege eigenskapar og referansar. Den formelle formelle kompetansen og ansienniteten din vert også vektlagt. Vi tilbyr fagleg utvikling i eigen barnehage og felles i kommunen eit støttande og positivt arbeidsmiljø varierte og utfordrande arbeidsoppgåver god oppfølging av nytilsette god pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP IA-bedrift Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå <www.lanekassen.no> for utfyllande informasjon og vilkår. Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort. KontaktinformasjonElisabeth Warpe, Avdelingsleiar barnehage, +47 97942299
ArbeidsstadRådhusgata 7
6090 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5198916311
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 13.11.2026
Om arbeidsgiveren: Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Similar roles you might like
See all →This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing