Miljøterapeut
HERØY UNGDOMSSKULE · Møre og Romsdal, Norway
About The Role
Vi søker etter ein miljøterapeut som del av miljøteamet på Herøy ungdomsskule. Saman med ungdomsLOS og ungdomscoach jobbar miljøterapeut tett på ungdom som står i fare for å falle ut, eller har falle heilt eller delvis ut av grunnskulen. Stillinga er eit vikariat som er ledig frå snarast fram til 30. juni 2027, men med moglegheit for fast tilsetting. Stillinga følgjer skuleruta med komprimert arbeidsår.
Arbeidsoppgåver motarbeide utanforskap kartlegging og støttesamtalar med ungdommar i og utanfor skulen kartlegging og støttesamtalar med føresette til ungdommar som står i utfordringar foreldrerettleiing ta del i tverrfaglege møte og samarbeid ut frå elevane sitt behov samarbeide med foreldre og vere ei bru inn til skulen der eleven har vanskar med å møte Kvalifikasjonar minimum treårig relevant høgskule-/universitetsutdanning, som til dømes sosialfagleg utdanning, barnevernspedagog/pedagog eller sosionom anna relevant utdanning og eller erfaring kan verte vudert relevant erfaring frå arbeid med barn, ungdom og deira familie førarkort klasse B og eigen bil Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i Webcruiter saman med søknaden. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. Personlege eigenskapar positiv og fleksibel god relasjonskompetanse god på å motivere og skape engasjement evne til å arbeide sjølvstendig evne til å arbeide strukturert og målretta god kjennskap til skuleverket, ulike kommunale tenester og anna hjelpeapparat god skriftleg og munleg framstillingsevne Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og referansar Vi tilbyr ei variert og utviklande stilling, med stor breidde i arbeidsoppgåver internt og eksternt eit støttande kollegium med høve til læring og utvikling IA-bedrift og ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og trivsel gode pensjons- og forsikringsordningar Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå <www.lanekassen.no> for utfyllande informasjon og vilkår. Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. KontaktinformasjonHilde Hestås, Avdelingsleiar grunnskule, +47 97542422
ArbeidsstadLisjebøvegen 14
6091 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5197254626
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 16.11.2026
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 12.11.2026
Om arbeidsgiveren: Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Similar roles you might like
See all →This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing