Reinhaldar 100 % vikariat
HJELMELAND KOMMUNE VAKTMEISTRAR OG REINHALDARAR · Rogaland, Norway
About The Role
Likar du å jobbe med reinhald og bidra til reine og trivelege omgjevnader?Er du nøye og opptatt av å gjere ein god jobb? Då kan det vere deg me ser etter!Me har eit ledig vikariat i 100 % som reinhaldar i perioden 01.01.2027 - 31.10.2027. Me søkjer deg som er dyktig, engasjert og pliktoppfyllande, og som ønskjer å bidra til reine og gode arbeids- og opphaldsmiljø. Ansvar og arbeidsoppgåver - generelt reinhald av kommunale bygg Kvalifikasjonar og vilkår - fagbrev som reinhaldsoperatør er eit ønskje, men ikkje eit krav - førarkort klasse B er ønskjeleg - du har ikkje fast oppmøteplass - nivå A1 for norsk skriftleg og nivå B1 for norsk munnleg Me søkjer etter ein person som - har gode samarbeidsevner- har høyt arbeidstempo- er fleksibel- har evne til å arbeide sjølvstendig og i teamPersonleg eigenskap og erfaring vil bli vektlagt ved tilsetting. Me tilbyr - løn etter gjeldande avtaleverk- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale- triveleg arbeidsmiljø- ulike rekrutteringstiltak , som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsetteI Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Politiattest Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning. Elektronisk søknadsprosess Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her .Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside . Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis.
Tilgjengelegheitserklæring: <https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34>
Similar roles you might like
See all →This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing