Ledig stilling som seksjonsoverlege på seksjon for kar/uro
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS · Vestland, Norway
About The Role
Radiologisk avdeling er ei stor, moderne og dynamisk avdeling i stadig utvikling. Avdelinga har ein moderne utstyrspark. Senter for nukleærmedisin og PET er ei integrert eining i Radiologisk avdeling. Avdelinga nyttar SECTRA PACS.
Det er til ein kvar tid knytt PhD stipendiatar til avdelinga og avdelinga deltar i både nasjonale og internasjonale forskingsnettverk. Avdelinga har fokus på HMS og kvalitetsarbeid.
Det er for tida ledig 100% fast stilling som seksjonsoverlege på seksjon for kar/uro.
Arbeidsoppgåver Seksjonsoverlege har ei viktig rolle for den faglege utviklinga og fagleg ansvar på seksjonen Seksjonsoverlegen har ansvar for pasientflyt, kvalitet og at organiseringa av seksjonen ivaretar forsvarleg drift Planlegging av bemanning og fordeling av oppgåver på seksjonen Planlegging av internundervisning Rettleiing og opplæring av LIS, kvalitetsarbeid på seksjonen Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon Søkar må vere spesialist i radiologi Søkar må ha gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Søkar må ha gode eigenskapar til samarbeid og organisering Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Triveleg arbeidsmiljø Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonEric Alexander Resnes, Konstituert seksjonsleiar, 55 97 09 07, <[email hidden]>
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 BERGEN
- Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
- Referansenr.: 5180406035
- Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026
Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på <www.helse-bergen.no> eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Similar roles you might like
See all →This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing