Skip to content
← Back to job listings

Forskingssjukepleiar

HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS · Vestland, Norway

On-siteImported listingtemporaryabout 2 months ago

About The Role

Helse Førde søkjer forskingssykepleiar til det regionale forskingsprosjektet NorPEPS II (The Norwegian Prednisolone in Early Psychosis Study II).
NorPEPS II er eit samarbeid mellom Helse Bergen, Helse Førde og Helse Stavanger. Prosjektet skal undersøkje om prednisolon som tillegg til standard behandling kan bidra til raskare betring ved akutt psykose hos personar med schizofreni. Studien byggjer på lovande resultat frå ein tidlegare pilotstudie og har potensial til å gi ny kunnskap som kan bidra til å utvikle behandlingstilbodet til pasientar med psykose.

Stillinga er knytt til inkludering og oppfølging av studiedeltakarar ved Helse Førde, i tett samarbeid med forskarar og klinikarar ved dei deltakande helseføretaka.

Stillingsprosent : 50 % prosjektstilling i 36 månader (med atterhald om endeleg finansiering).
Arbeidsstad : Helse Førde
Oppstart : Snarast

Arbeidsoppgåver Rekruttering og inkludering av studiedeltakarar
Koordinering av studieforløp og avtalar
Gjennomføring av studievisittar og oppfølging av deltakarar
Innsamling, registrering og kvalitetssikring av forskingsdata
Prøvetaking og handtering av biologisk materiale
Oppfølging av studieprotokoll og dokumentasjon i tråd med Good Clinical Practice (GCP)
Samarbeid med prosjektleiarar, behandlarar og andre forskingsmedarbeidarar
Bidra til trygg gjennomføring av studien og ivaretaking av deltakarane Kvalifikasjonar Må-krav Autorisasjon som sjukepleiar
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Gode digitale ferdigheiter Ønskjelege kvalifikasjonar Erfaring frå forskings- eller utviklingsarbeid
Erfaring frå klinisk arbeid innan psykisk helsevern Kunnskap om kliniske studiar
GCP-kurs eller erfaring frå arbeid etter GCP-standard
Erfaring med prøvetaking og forskingsdokumentasjon Personlege eigenskapar Vi søkjer ein medarbeidar som: arbeider strukturert og nøyaktig
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
er sjølvstendig og ansvarsbevisst
trivst med å arbeide både klinisk og forskingsretta
har interesse for forsking innan psykisk helse
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr Ei spennande stilling i eit forskingsprosjekt med høg fagleg relevans
Deltaking i eit regionalt og tverrfagleg forskingssamarbeid
Nært samarbeid med leiande fagmiljø innan psykoseforsking
Moglegheit til å bidra til utvikling av framtidas behandlingstilbod innan psykisk helsevern
Fagleg utvikling og opplæring innan klinisk forsking og GCP
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonStephanie Levy, Seksjonsleiar, (+47) 993 78 985

ArbeidsstedSvanehaugvegen 2

6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5179077870

Stillingsprosent: 50%

Engasjement

Søknadsfrist: 25.09.2026

Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing