ALIS / Spesialist i allmennmedisin
SYKKYLVEN KOMMUNE LEGESENTER · Møre og Romsdal, Norway
About The Role
VIKARIAT SOM FASTLEGE
Vi søkjer deg som ønsker å vere med på laget ved legesenteret i Sykkylven kommune.
Du får moglegheit til å velje mellom næringsdrift eller kommunal tilsetting.
Vi har ledig eit vikariat frå desember 2026
100% spesialist i allmennmedisin/ALIS
Sykkylven legesenter er kommunalt drive, og har 9 legeheimlar og LIS 1 lege. Eit team med dyktige legar og eit erfarent hjelpepersonell. Legevakta er eit interkommunalt samarbeid med Stranda kommune som omfattar 3 fast tilsette legevaktslegar og sjukepleiarar ved legevakt på kveld og helg.
Legesenteret og legevakta er lokalisert i nye lokaler i Sykkylven Helsehus saman med heimebasert omsorg og psykisk helse og rus. Vi har stort fokus på fagleg utvikling og samarbeid på tvers av avdelingar og einingar i kommunen.
Ta deg gjerne tid til å kontakte oss så kan du høyre litt meir om kva for moglegheit du har som fastlege i Sykkylven, og kvifor vi ønsker å ha deg med på laget.
Arbeidsoppgåver Generelle allmennmedisinske oppgåver, slik det følger lov, forskrift og avtaleverk Det kan vere aktuelt med offentleg allmennmedisinsk legearbeid inntil 7,5 timar per veke Tverrfagleg samarbeid mellom dei kommunale einingane Deltakelse i helsestasjonarbeid Deltaking i legevaktsordning. Det er lav vaktbelastning med arbeid kvar 10. helg Oppgaver knyttet til veiledning, supervisjon og undervisning for ALIS Kvalifikasjonar Har norsk autorisasjon som lege Spesialist i allmennmedisin ferdig eller påbegynt. Meistrar norsk munnleg og skriftleg og har god framstillingsevne (Oppnådd B2 nivå) Personlege eigenskapar Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer Du har genuin interesse for mennesket og dets helse- og livssituasjon Du har evne til utvikling og nytenking Løsningsorientert og endringsvillig Du er fleksibel Personlig egnaheit vektleggas Vi tilbyr Godt arbeidsmiljø God kollegial støtte og samarbeid Dyktig hjelpepersonell Kollegiale møter kvar veke med fagleg innhald og kvalitetsarbeid
Sykkylven kommune er registrert utdanningsverksemd Næringsdrift/kommunal tilsetting Låg vaktbelastning med arbeid kvar 10. helg
Lønn etter avtale Nytt og framtidsretta lokale
Offentlegheit
- Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
- KontaktinformasjonKanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, <[email hidden]>
ArbeidsstadAuregata 19
6230 Sykkylven
- Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
- Referansenr.: 5172041825
- Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.09.2026
Om arbeidsgiveren: Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Similar roles you might like
See all →This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing