Skip to content
← Back to job listings

Pasientkoordinator

HELSE MØRE OG ROMSDAL HF HABILITERING BARN OG UNGE ÅLESUND · Møre og Romsdal, Norway

Imported listingtemporary14 days ago

About The Role

Er du ein innovativ og utviklingsorientert pasientkoordinator som er engasjert i kvalitetsforbetring, digitalisering og vidareutvikling av framtidas polikliniske tenester? Då kan kanskje denne stillinga vere noko for deg!

Vi har nemleg no ledig eit 80% vikariat som pasientkoordinator ved Poliklinikk barn og ungdom Volda og Ålesund. Oppstart etter avtale fram til 1.februar 2026.

Poliklinikk barn og ungdom er ein seksjon i Avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering, og er organisert i Klinikk Ålesund. Seksjonen yter helsehjelp i forhold til utgreiing, diagnostisering og behandling innan fagfeltet barnemedisin. Vi har eit godt fagleg miljø, samt eit godt arbeidsmiljø der pasienten er i fokus.

Tilsette i seksjonen er samansett av spesialsjukepleiarar, klinisk ernæringsfysiolog, sosionom og merkantilt personell. Seksjonsleiar er nærmaste leiar for desse faggruppene.

Arbeidsoppgåver Administrere ventelister

Pasientadministrative oppgåver: koordinering, elektronisk handtering av post, dokumentasjonsarbeid, tilvisingar, ventelister, timeoppsett og telefonarbeid

Registrering i vårt datasystem Helseplattformen

IKAP prosedyrar

Koordinere elektive innleggingar på sengeposten og nyfødt intensiv

Kontroll på styringsinformasjon

Ordinert sekretærarbeid, samarbeid med sekretærane i poliklinikken Kvalifikasjonar Erfaring som helsesekretær er ønskeleg, evt. anna relevant helsefagleg utdanning/erfaring

Erfaring som pasientkoordinator

Medisinsk forståing/kompetanse for ulike prosedyrar

Arbeidserfaring frå sjukehus og innehar ei forståing for pasientflyten i eit sjukehus

Du har gode datakunnskapar

Efaring med Helseplattformen

Du viser gode framstillingsevner, - både munnleg og skriftleg er nødvendig

Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk Personlege eigenskapar Du har god serviceinnstilling til kollega, pasientar og pårørande

Du er fleksibel og handterar variasjon i arbeidsmengde og arbeidsoppgåver

Du er strukturert, nøyaktig og har god orden

Du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner

Du har ei positiv haldning til varierte arbeidsoppgåver

Du har gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilseting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid

Ein inkluderande arbeidsplass

Løn etter gjeldande overeinskomstar

Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. KontaktinformasjonIngvill Hareide, Seksjonsleiar, <[email hidden]>

ArbeidsstadÅsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5175578987

Stillingsprosent: 80%

Vikariat

Søknadsfrist: 20.09.2026

Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing