Skip to content
← Back to job listings

Tilkallingsvikarar - Legekontoret

STRYN HELSESTASJON · Vestland, Norway

Imported listingtemporary16 days ago

About The Role

Vil du vere med og gjere ein forskjell for innbyggjarane våre? Legekontoret søkjer tilkallingsvikarar

Er du sjukepleiar, helsesekretær, helsefagarbeidar, medisinstudent eller har annan relevant helsefagleg bakgrunn? Då ønskjer vi å kome i kontakt med deg!

Ved vårt legekontor møter du menneske i alle livsfasar og får vere ein viktig del av eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi treng tilkallingsvikarar som kan bidra ved fråvær, ferieavvikling og periodar med auka aktivitet.

Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene vil variere ut frå kompetanse og behov, og kan mellom anna omfatte: Mottak og oppfølging av pasientar Telefon- og resepsjonsarbeid Laboratoriearbeid og prøvetaking Assistanse ved konsultasjonar Administrative oppgåver Andre oppgåver ved legekontoret Kvalifikasjonar Har relevant utdanning eller erfaring Er serviceinnstilt og møter folk med respekt og omsorg Arbeider strukturert og sjølvstendig Trivst i ein hektisk kvardag Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Har gode norskferdigheiter, både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag Eit inkluderande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse Verdifull erfaring frå primærhelsetenesta Fleksible arbeidsdagar etter behov Moglegheit til å arbeide med menneske og helse i sentrum Praktisk informasjon

Arbeidet skjer etter behov, og vi ønskjer søkjarar som kan stille på kort varsel ved behov. Opplæring vil bli gitt.

Har du lyst til å bli ein del av laget vårt? Vi ser fram til å høyre frå deg! KontaktinformasjonMona Helen Kile, Einingsleiar helsetenester, 95733547

ArbeidsstadSetrevegen 4

6783 Stryn

  • Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stryn Kommune
  • Referansenr.: 5170396466
  • Stillingsprosent: 0%

Vikar

Søknadsfrist: 12.09.2026

Om arbeidsgiveren: Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.

Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.

Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: <https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn>

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing