Skip to content
← Back to job listings

Rådgjevar

HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS · Vestland, Norway

Imported listingfull-time19 days ago

About The Role

Ønskjer du å bidra til betre livskvalitet, meistring og utvikling for barn og unge med funksjonsnedsettingar og samansette behov?

Habiliteringstenesta for barn og unge søkjer ein engasjert rådgjevar til eit tverrfagleg spesialistmiljø. Vi har oppstart i stillinga 01.10.2026

Vi ønskjer ein medarbeidar som kombinerer klinisk kompetanse, heilskapleg tenking og interesse for rettleiing og samarbeid på tvers av tenestenivå.

Om seksjonen

Barn og unge habilitering er ei spesialisthelseteneste for barn og unge med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsetjingar. Vi arbeider familiesentrert og tverrprofesjonelt, med mål om å styrkje barnet si utvikling, deltaking og livskvalitet. Hos oss blir du del av eit kompetent fagmiljø med fysioterapeut, ergoterapeut, psykolog, lege, spesialpedagog, vernepleiar, sjukepleiar og barnevernspedagog. Vi legg stor vekt på samarbeid, kunnskapsdeling og kontinuerleg fagutvikling. Vi ønskjer å vere ein framtidsretta seksjon og tek aktivt i bruk nye arbeidsformer og digitale løysingar. Mellom anna deltek vi i eit prosjekt der kunstig intelligens (KI) blir testa som støtte i journalarbeid og dokumentasjon. Målet er å frigjere meir tid til pasientar og familiar. Vi ønskjer mangfald i arbeidsmiljøet vårt og oppfordrar menn til å søkje stillinga.

Arbeidsoppgåver Kartlegging og vurdering av funksjon, deltaking og meistring hos barn og unge med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsettingar

Bidra i utgreiing, tiltak og oppfølging av barn og unge med utviklingshemming, nevroutviklingsforstyrringar og samansette hjelpebehov

Rådgiving og rettleiing til føresette, kommunale tenester, skule og barnehage

Tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper i spesialisthelsetenesta og kommunen

Bidra i arbeid knytt til utfordrande åtferd, tilrettelegging, miljøbehandling og førebyggjande tiltak

Undervisning, kompetanseheving og fagutvikling

Deltaking i utviklingsarbeid, nettverk og prosjekt Kvalifikasjonar Vi ønskjer søkjarar med: Bachelorgrad innan helse- eller sosialfag

Relevant vidareutdanning eller mastergrad er ønskjeleg

Kompetanse innan funksjonskartlegging, miljøterapeutisk arbeid eller kognitive tilnærmingar knytt til ulike diagnoser og adfersvansker

Erfaring med rettleiing av pårørande og tenesteytarar er ønskelig

Erfaring frå habiliteringsfeltet eller arbeid med personar med funksjonsnedsettingar og samansette behov

Erfaring med offentleg saksbehandling. Det er ein fordel med erfaring med å skrive uttalelser til statsforvalter Erfaring med arbeid knytt opp mot HOL kapittel 9, enten på kommunalt nivå eller spesialistnivå God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Det er ein fordel med erfaring frå: Arbeid med utfordrande åtferd Videreutdanning i kognitiv terapi eller anna tilsvarande kompetanse Arbeid med seksuell skadelig adferd Innsikt i, og arbeidserfaring med sjeldne diagnosar og samansette tilstandar, FASD og andre nevroutviklingsforstyrringar

Erfaring med risikovurdering og førebyggjande arbeid

Erfaring med opplæring og undervisning Erfaring med samhandling mellom kommune og spesialisthelseteneste Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: Har god relasjonskompetanse og evne til å skape tillit

Er analytisk og kan sjå heile mennesket og systemet rundt

Tek initiativ og finn løysingar i komplekse situasjonar

Arbeider sjølvstendig og strukturert

Samstundes trivst i tett tverrfagleg samarbeid

Har engasjement for fagutvikling og kunnskapsbasert praksis Vi tilbyr Eit sterkt tverrfagleg fagmiljø

Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver

Moglegheit til å påverke utvikling av tenester for barn og unge

Rettleiing, kompetanseutvikling og fagleg fordjuping Lønn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMartha Thorsheim, Seksjonsleiar, 578 39 000

ArbeidsstedSvanehaugvegen 2

  • 6812 FØRDE
  • Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
  • Referansenr.: 5171886096
  • Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 16.09.2026

Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing