Årdal kyrkje har behov for ny kyrkjetenar
HJELMELAND KYRKJELEGE FELLESRÅD · Rogaland, Norway
About The Role
- Kan du tenkje deg ein meiningsfull og sosial deltidsjobb i kyrkja?
- Hva vi ser etter
- Me ser etter ein person som likar å ta i mot dei som kjem i kyrkja på ein god måte.
- Det er fint om du er litt praktisk, da det er styring av lydanlegg til mikrofonar og litt enkelt vedlikehald som må utførast.
- Jobben kan passe for ungdom, deltidstilsette og pensjonistar.
Arbeidsoppgaver
Me søkjer etter ein persom med praktisk sans som har interesse og forståing for kyrkja sitt arbeid. Kyrkjetenarane har faste arbeidsoppgåver i samband med gudstenester, vigsel, gravferd og andre arrangement i kyrkjene, i tillegg ha ansvar for enkelt vedlikehald. Ved ferieavvikling og sjukdom må ein rekne med å vikariere i Årdal og Fister kyrkje.
Vi tilbyr
Løn og arbeidsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk.
Det er gudstenester kvar 3. søndag heile året.
Gravferd er på vekedagar og vigsel er vanlegvis på laurdag i sommarhalvåret.
Det blir rekna 2 - 3 timar for kvar gong kyrkjetenaren er på jobb i samband med gudsteneste, gravferd, vigsel og andre arrangement.
Om arbeidsgiveren: I Hjelmeland kyrkjeleg fellesråd er det tre sokn, fire kyrkjer og eit bedehuskapell. Kontorstad er på kyrkjekontoret i kommunesenteret Hjelmeland. I staben er det sokneprest, prost, kantor, trusopplærar, diakon, fire kyrkjetenarar og kyrkjeverje. Det er mange frivillige medarbeidarar.
Similar roles you might like
See all →This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
