Tannhelsesekretær ved Molde kompetanseklinikk
TANNHELSETENESTA I MOLDE · Møre og Romsdal, Norway
About The Role
Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal? Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke? Blir du motivert av å jobbe for og med menneske? Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar? Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit? Vi har ledig fast 100 % stilling som tannhelsesekretær ved Molde kompetanseklinikk med moglegheit for utvida administrativ funksjon. Molde kompetanseklinikk er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar, og har 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 10 tannhelsesekretærar. Klinikken har i tillegg også spesialistar i oralkirurgi og oralprotetikk og psykolog i tverrfagleg behandlarteam TOO. Stillinga omfattar i hovudsak ordinære kliniske oppgåver som tannhelsesekretær. Det kan òg vere aktuelt å kombinere dette med funksjon som overtannlegesekretær i delar av stillinga. I denne rolla vil du utføre støtte- og koordineringsoppgåver på vegner av overtannlegen, og bidra til god drift, samarbeid mellom klinikkane og administrativ støtte til leiarane i kompetanseregionen. Denne administrative funksjonen føreset autorisasjon som tannhelsesekretær.
Arbeidsoppgåver Kliniske oppgåver Assistere tannlege og tannpleiar i behandling av alle pasientgrupper. Varierte kliniske arbeidsoppgåver, med pasientar i alle aldersgrupper. Hygieneansvar og oppgåver innan smittevern. Administrative oppgåver knytt til timebestilling, journalsystem og pasientkontakt. Administrative oppgåver ved eventuell overtannlegesekretærfunksjon Personaladministrative oppgåver som oppfølging av permisjonar, ferie og fråvær. Oppfølging av tidregistrering og fråværsregistrering. Bidra til implementering og oppfølging av rutinar, retningslinjer og arbeidsprosessar ved klinikkane. Bidra til planlegging og koordinering av møte, samlingar, kurs og andre regionale aktivitetar. Innhenting, samanstilling og oppfølging av statistikk, rapportering og annan administrativ dokumentasjon. Eventuelt andre administrative og organisatoriske oppgåver etter nærare avtale med overtannlegen. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær. Overtannlegesekretærfunksjonen er forbeholdt autoriserte tannhelsesekretærar. Søkarar utan autorisasjon kan bli vurderte for tilsetting i stilling som assistent dersom vi ikkje har kvalifiserte kandidatar med gyldig autorisasjon. God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk. God digital kompetanse og erfaring med administrative system. Erfaring med administrative oppgåver vil vere ein fordel. Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasienttryggleik. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: kjenner stoltheit for tannhelsefaget er strukturert, nøyaktig og sjølvstendig trivst med både kliniske og administrative arbeidsoppgåver har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner er serviceinnstilt og løysingsorientert tek ansvar og bidreg til god samhandling på tvers av klinikkar og fagmiljø ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr Ei spennande og variert stilling med moglegheit for kombinasjon av kliniske og administrative arbeidsoppgåver. Moglegheit for funksjon som overtannlegesekretær med ei sentral rolle i utvikling og drift av tannhelsetenesta i regionen. Det inneber eit eige funksjonstillegg på lønn så lenge funksjonen blir utøvd. Lønn etter tariffavtale Fagleg utvikling og tilgang til eit stort kompetansenettverk. Trivelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø. Introduksjonsprogram for nye medarbeidarar. Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP) Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.Den som vil bli tilsett må levere politiattest KontaktinformasjonIngri Nilsson Valle, Klinikkleder, 45416614
Henriette Stavik Hollingen, Overtannlege Molde kompetanseregion, 92414190
ArbeidsstadBjørnstjerne Bjørnsons veg 6
6412 Molde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5195671742
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2026
Om arbeidsgiveren: Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal
Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?
Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke? Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske? Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper? Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?
Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!
Similar roles you might like
See all →This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing