Skip to content
← Back to job listings

Vikar - Klepp barnevernsteneste

KLEPP KOMMUNE BARNEVERNSTENESTE · Rogaland, Norway

Imported listingtemporary3 days ago

About The Role

Klepp barnevernteneste søker to engasjerte vikarar i 100 % stilling til arbeid med undersøkingar og oppfølging av familiar. Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du arbeider tett saman med barn, unge og foreldre for å skape positive endringar. Du blir del av eit arbeidsmiljø med engasjerte og dedikerte kollegaer som er opptekne av å gi gode tenester til barn og familiar. Barneverntenesta er inne i ei spennande utvikling, der vi arbeider med å styrkje kvalitet, fagleg samarbeid og gode arbeidsprosessar. Som medarbeidar hos oss får du moglegheit til å bidra aktivt til utviklinga av tenesta og vere med på å forme vegen vidare.
Arbeidsoppgåver Saksbehandling knytt til undersøking og oppfølging etter barnevernslova Samtalar med barn, unge og foreldre Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar Kartlegging, vurdering og oppfølging av hjelpetiltak Bidra til fagleg utvikling og kvalitetsarbeid i tenesta Vi arbeider for ein kultur der ingen står aleine i krevjande saker, og der samarbeid, støtte og deling av kompetanse er ein naturleg del av kvardagen. Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som: Brenn for å gjere ein forskjell for barn, unge og familiar Har bachelor i barnevern, sosialt arbeid eller anna relevant helse- og sosialfagleg utdanning Er student på siste studieår og klar for å ta med deg fagleg engasjement inn i arbeidslivet Kommuniserer tydeleg og skaper gode relasjonar Har erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar, eller eit sterkt engasjement for feltet God norskkunnskaper munnleg og skriftleg Har førarkort klasse B Personlege eigenskapar For å trivast hos oss trur vi at du: Har engasjement for barn, unge og familiar Skaper tillit og gode relasjonar Er nysgjerrig, reflektert og fagleg interessert Tek ansvar og viser initiativ Handterer ein variert arbeidskvardag med både fleksibilitet og struktur Ser verdien av samarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Ønskjer å vere med på å vidareutvikle tenesta våre Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. For stillingen kreves det uttømmende og utvidet politiattest i henhold til barnevernsloven. Vi tilbyr Ei meiningsfull og variert stilling med moglegheit til å gjere ein forskjell for barn, unge og familiar Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og hjelpsame kollegaer Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver Moglegheit til å påverke og bidra i vidareutviklinga av tenesta Rettleiing, samarbeid og erfaringsdeling i det daglege arbeidet Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk KontaktinformasjonJette Frafjord Østrått, Leder for klepp tverrfaglige team, +47 90523005
ArbeidsstadOlav Hålands Veg 2
4351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5199495697
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 09.11.2026

Om arbeidsgiveren: Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing