Tilkallingsvikar Sunde barnehage
SUNDE BARNEHAGE · Vestland, Norway
About The Role
Omtale av stillinga Her i Sunde barnehage har vi behov for fleire tilkallingsvikarar ved sjukdom, ferie og anna fråvær. Kven ser vi etter? Vi ser etter deg som ønskjer å arbeide saman med barn og bidra til gode dagar i barnehagen. Kanskje er du arbeidssøkande, student, tek eit friår før vidare studiar, er heimeverande eller har ei deltidsstilling og ønskjer meir arbeid i kvardagen. Vi ønskjer spesielt deg som er god på relasjonar, som møter både barn og vaksne med varme, respekt og interesse. Du er glad i å vere ute og trivst med ein aktiv kvardag i all slags vêr. I Sunde barnehage satsar vi på Uteliv og Leselyst . Vi ønskjer at barna skal få rike naturopplevingar, utforske nærmiljøet og oppleve gleda ved å vere ute. Samtidig legg vi vekt på høgtlesing, språk og litteratur som gir barna gode opplevingar og styrkjer leseglede og nysgjerrigheit. Arbeidsmengda vil variere gjennom året. I periodar kan det vere behov for mykje hjelp, medan det i andre periodar vil vere mindre arbeid. Vi ønskjer at du: Er glad i barn og oppteken av å skape gode relasjonar Er positiv, omsorgsfull og ansvarsbevisst Er glad i å vere ute og delta aktivt i leik og aktivitetar Er fleksibel og kan stille på kort varsel når det er behov Bidreg til eit trygt, inkluderande og godt barnehagemiljø Vi tilbyr: Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og støttande kollegaer Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag Moglegheit til å få erfaring frå arbeid med barn Verdifull erfaring for deg som vurderer utdanning eller arbeid innan oppvekst, pedagogikk eller helse Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP Høyrest dette interessant ut? Då håpar vi å høyre frå deg! ???? Gyldig politiattest må framleggjast før oppstart. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (<https://kvinnherad.friskus.com/events>)
Similar roles you might like
See all →This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing