Skip to content
← Back to job listings

Barnehagelærar

VIKEDALEN BARNEHAGE · Møre og Romsdal, Norway

Imported listingtemporary1 day ago

About The Role

Vi søkjar etter barnehagelærar til 60% vikariat. Stillinga er for tiden i Vikedalen barnehage, og gjeld frå desember og ut barnehageåret 26/27.Dei kommunale barnehagane i Sykkylven er organisert i ei eining, fordelt på tre barnehagar. Dette er Blakstad Naturbarnehage (1 avd.), Ullavik barnehage (4 avd.) og Vikedalen barnehage (4 avd.).Våre felles satsingsområde er Relasjonskompetanse, Språk, Friluftsliv og Solid Start Sykkylven. Meir informasjon om barnehagane finn de på Sykkylven kommune si heimeside - <https://www.sykkylven.kommune.no/tenester/barnehage/kommunale-barnehagar/Vi> oppfordrar menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver Barnehagelæraren har, i lag med pedagogisk leiar, ansvar for å drive avdelinga i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, inkl. Lov om barnehagar, rammeplan for barnehagar, årsplan samt andre kommunale vedtak og bestemmingar som har betydning for barnehagen si drift.Barnehagelæraren må sjå på barnehagen som ein heilskap og ha omsorg for alle barn, og skal aktivt delta i den faglege utviklinga av barnehagen. Kvalifikasjonar Barnehage-/førskulelærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk Søkjarar som ikkje oppfyller dei formelle kompetansekrava, men som har relevant pedagogisk praksis kan bli vurderte til stillinga Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av ny dato, jf. barnehagelova Personlege eigenskapar Du er ein person som er genuint interessert, og trivest i arbeidet med barn Du er ein person som er glad i å vere ute i all slags vér, og som kan inspirere andre til det same Du er ein person som er aktiv, undrande og utforskande i samspel med barn og vaksne Du er ein person som har evner til å setje seg inn i, og bli ein aktiv medspelar i dei prosjekt som er etablerte i barnehagen, og likedan som kan vere med på å initiere utvikling i tråd med dei planar og føringar som den pedagogiske leiinga legg Du er ein person som har evne og vilje til utvikling, både for eigen del og i høve til barnehagen som organisasjon Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Vi tilbyr Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø Gode pensjons- og forsikringsordninga Tilsetjing i samsvar med offentleg avtaleverk Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. Vitnemål og attestar Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden. KontaktinformasjonSteinar Klokk, Einingsleiar, 95972727, <[email hidden]>
ArbeidsstadGråurvegen 2
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5200666025
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 08.08.2027
Søknadsfrist: 08.11.2026

Om arbeidsgiveren: Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon. Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her !

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing