Skip to content
← Back to job listings

Miljøarbeidar ved Sauda vidaregåande skule

PEDAGOGISK-PSYKOLOGISK TJENESTE ROGALAND FYLKESKOMMUNE · Rogaland, Norway

Imported listingfull-time1 day ago

About The Role

Arbeidsoppgåver Sauda vidaregåande skule har ledig inntil 40 % fast stilling som miljøarbeidar ved tilrettelagt avdeling frå 01.02.2027. Me søkjer etter ein medarbeidar som ønskjer å bidra til det eksisterande gode faglege samarbeidet i teamet, og som vil medverke til å skape eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø for både elevar og kollegaer. Arbeidsoppgåvene vil omfatte: lett stell og assistanse ved måltid tett samarbeid med lærarane ved avdelinga ledsaging under transport av elevar deltaking i samarbeidsmøter eventuell deltaking i pedagogiske eller miljøretta opplegg på andre arenaer Me ser etter deg som har følgjande kvalifikasjonar: Fagbrev innan helsefag eller barne- og ungdomsfag Godkjent politiattest Førarkort klasse B God skriftlig og munnleg fremstillingsevne på norsk, tilsvarande nivå B2 Relevant arbeidserfaring Om du finn skulen og stillingen interessant, men manglar delar av kompetansen, oppfordrar me deg likevel til å søka. Personlege eigenskapar Trygg og tydeleg: Du maktar å setje grenser på ein omsorgsfull måte og skaper føreseielege rammer for elevane. Empatisk og tålmodig: Du har evne til å lytte, sjå behova til den enkelte og møte elevar med respekt og varme, sjølv i utfordrande situasjonar. Gode samarbeidsevner: Du kommuniserer godt og trivst med å jobbe tett i team saman med lærarar, andre miljøarbeidarar og eksterne instansar. Sjølvstendig og ansvarsbevisst: Sidan stillinga inneber oppgåver som transport og oppfølging på andre arenaer, må du kunne ta avgjerdsel og handle sjølvstendig. Fleksibel og løysingsorientert: Kvardagen i skulen kan endre seg raskt, og du må kunne snu deg om og ta i eit tak der det trengst. Humør og engasjement: Du bidreg positivt til det sosiale miljøet og tek med deg arbeidsglede inn i teamet. Me søkjer ein person som kan skape eit godt læringsmiljø og leggje til rette for gode læringsprosessar for elevane. Kommunikasjon, samarbeid og engasjement står sentralt. Det same gjer evne til nytenking og bruk av digitale verktøy. Utdanning, erfaring og personleg dugleik vil bli vurdert i ein heilskap. Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Me tilbyr utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet gode faglege utviklingsmoglegheiter offentleg tenestepensjon og forsikringsordningar lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk Søknaden din bør innehalde: Søknadsbrev CV Legg ved vitnemål (henta frå <vitnemålsportalen.no>) og attestar. Ved utenlands utdanning legg ved godkjenning frå direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (Hkdir) Om arbeidsgiveren: Rogaland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsgjevarane i fylket med rundt 4300 tilsette. Me jobbar saman for eit grønt og attraktivt Rogaland.Vil du vere med og byggje eit betre Rogaland saman med flinke og engasjerte kollegaer? Rogaland fylkeskommune står overfor ei spennande tid, prega av både utfordringar og moglegheiter. Gjennom vår visjon «Saman for eit grønt og attraktivt Rogaland»vil vi forplikte oss til å vere ei drivkraft for god samfunnsutvikling i heile fylket. Denne visjonen er grunnlaget for alt vi gjer, og ho gjenspeglar vårt mål om å skape eit Rogaland som er attraktivt for både innbyggjarar og besøkande. Rogaland fylkeskommune vil mellom anna: bidra til utvikling av levande og attraktive byar, sentra og lokalsamfunn gjennom kompetanse, nettverksbygging, heilskapleg innsikt og gode prosessverktøy sikre utdannings- og kompetansemoglegheiter i heile fylket bidra til kortreist kvardagsliv gjennom samordna areal- og transportplanlegging bistå kommunane med å leggje til rette for ei kunnskapsbasert og heilskapleg bustadforsyning som både tek omsyn til effektiv arealbruk og bustadmangfald jobbe for gode og trafikksikre løysingar for gåande, syklande og dei som reiser kollektivt Sauda vidaregåande skule har om lag 100 tilsette for å gi nærare 450 elevar og vaksne deltakarar eit breitt tilbod innan yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Skulen har tre avdelingar: to i Sauda og ein i Suldal. Skulen har status som regionalt kompetansesenter for indre Ryfylke og er samstundes eitt av seks opplæringssenter innan vidaregåande opplæring for vaksne i Rogaland. Skulen har som mål at alle elevane skal trivast og lukkast med utdanninga og framtidsplanane sine. Skulen kan vise til gode resultat gjennom mange år og har ein kultur prega av engasjement, tillit, høg fagleg kompetanse og samarbeid i heile organisasjonen. Me søker heile tida nye og framtidsretta løysingar og tilbod. Fleire spennande nisjetilbod gjer at mange elevar flyttar til Sauda eller Sand på hybel og internat. Me fokuserer på å ta imot tilreisande elevar på ein god måte.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing