Skip to content
← Back to job listings

Buveileder bustadkontoret

KLEPP KOMMUNE TENESTEKONTOR · Rogaland, Norway

Imported listingfull-time1 day ago

About The Role

Har du lyst til å arbeide med bustad oppfølging og saksbehandling på bustadkontoret i Klepp? Klepp kommune søkjer deg som har lyst til å vera med å bistå innbyggjarar i kommunale bustadar med å meistra å bu i eigen bustad. Har du stå - på vilje og lyst til å vera med å videreutvikla det bustadsosiale arbeidet i kommunen? Då kan du vera personen me søkjer etter. Som buveileder på bustadkontoret inngår du i eit tverrfagleg arbeidsmiljø, og det er 3 årsverk knytt til kontoret. Kontoret er organisert under kommunal område helse og velferd, og i avdeling for tenestekontor. Det er samla 15 årsverk i avdelinga. Næraste overodna er avdelingsleiar for tenestekontoret.Oppgåvene er veiledning, saksbehandling/tildeling og oppfølging av kommunale bustadar. Ein stor del av kvardagen handlar om å bygge gode relasjonar, motivere brukarar og hjelpe dei til å nå eigne mål. Arbeidet føregår både i brukars heim og på kontor. Det er tett samarbeid med eiendomsavdelinga, flyktningetenesta, Nav og dei ulike avdelingane i helse og velferd. Visjonen for kommunen er: " med blikk for alle" og er med oss i alt arbeidet vi utfører.
Arbeidsoppgåver Oppfølging av leigetakarar i kommunale bustadar Bistå søkjarar til kommunal bustad med å finne bustad på det private markedet Praktisk og økonomisk veiledning, og motivere til økt sjølvstendighet og mestring Delta i kartlegging og saksbehandling av søknader om kommunal bustad Kvalifikasjonar Sosialfagleg/ økonomisk bakgrunn på høgskulenivå eller anna relevant høgskulenivå Erfaring innan bustadsosialt arbeid God økonomi forståing Kunnskap og erfaring innan psykisk helse og rus Gode datakunnskap God norsk kunnskap, kommunen nyttar nynorsk som målform Ynskjeleg med kjennskap til lov- og avtaleverk for fagområde og offentleg forvaltning Attester og vitnemålVi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgere utdanning og kompetanse (HK-dir) <hkdir.no/utdanning-fra-utlandet>. Utenlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet. Personlege eigenskapar Stødig og trygg fagperson som trives i samspel mellom medarbeidere og innbyggjarar God på relasjonsbygging. Evne til å skape god dialog Ha stor arbeidskapasitet og kunne arbeide strukturert Ha evne til å motivere, skape engasjement og fremme refleksjon Gjennomføringsevne, serviceinnstilt, fleksibel og løysningsorientert Uredd og robust, du må tale å arbeide med motstand. Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre For å lykkast i stillinga er det viktig å skape god dialog med innbyggjarane og ha gode kommunikative ferdigheter. Personlege eigenskapar er sentrale og vil bli lagt størst vekt ved tilsetning Vi tilbyr Varierte arbeidsoppgåver der du vil være med å utvikle kommunen i framtida Gode kollegaer, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø Lønn etter gjeldande avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar ( <https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt> ) Gratis parkering TIlgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider Bedriftskunstforening Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor Fleksibel arbeidstid KontaktinformasjonJane Fossan, Avdelingsleder, +47 92859072
ArbeidsstadSolavegen 1
4351 KLEPPE
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5200701803
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 12.11.2026

Om arbeidsgiveren: Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing