Skip to content
← Back to job listings

Helsefagarbeidar natt

HELSE FONNA HF VALEN SJUKEHUS DØGNAVDELING · Vestland, Norway

Imported listingfull-time1 day ago

About The Role

Vil du vere med og gi omsorg og behandling til pasientar med psykoseproblematikk? Psykoseposten ved Valen sjukehus er ein viktig del av Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna, der vi tilbyr spesialisert behandling i trygge og omsorgsfulle omgjevnader. Med plass til opptil 9 pasientar, legg vi stor vekt på kvalitet og individuell tilpassing av behandlinga. Hos oss tek vi imot planlagde innleggingar basert på søknad, og vi jobbar målretta for å støtte pasientane på vegen mot eit betre liv. Er du klar til å bli ein del av vårt dedikerte team og gjere ein forskjell? Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på? Natt-teneste på døgnpost. Gi pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient. Vere med i beredskap på natt og bistå andre postar ved behov. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. Det er ønskjeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg Hos oss er det viktig at du: er robust, tilpasningsdyktig og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik samarbeider godt, kommuniserer tydeleg og trivst i tverrfaglege team er initiativrik, engasjert og møter pasientar med respekt bidreg til eit godt arbeidsmiljø etterspør rettleiing når det er behov for det er lojal i forhold til avgjerder For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje Vi tilbyr Triveleg arbeidsmiljø. Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing. Gode pensjons- og forsikringsordningar. Vi tilbyr bedriftsavtale med treningssenter og tilgang til trimrom på sjukehuset. Kvinnherad kommune har rimelege barnehageplassar og gratis SFO. KontaktinformasjonBritt Mari Ludvigsen, Funksjonsleder , +47 53466473
ArbeidsstadSjukehusvegen 26
5451 VALEN
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5198975193
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 16.11.2026

Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her <www.helse-fonna.no> .

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing