Overlege ved seksjon for infeksjon, lunge, allergi og akuttmedisin
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS · Vestland, Norway
About The Role
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) søker 1 overlege i 100 % fast stilling, og 1 overlege i ei 12 mnd midlertidig prosjektstilling ved seksjon for infeksjon, lunge, allergi og akuttmedisin. Prosjektstillingen varer i 12 månader som del av prosjektet "Fremskutt kompetanse i mottak". Barne- og ungdomsklinikken (BUK) i Bergen er ein av Noregs største barne- og ungdomsavdelingar. Klinikken har 67 senger, ca. 4400
medisinske innleggingar og 30000 polikliniske konsultasjonar årleg. Klinikken
er organisert i 9 fagseksjonar inklusive barnekirurgi. God pasientbehandling,
opplæring, utdanning og forsking er prioriterte oppgåver ved klinikken. Barne-
og ungdomsklinikken har også ansvar for undersøkingar ved Barnehuset i Bergen
og tilsyn ved fødeavdelinga ved Voss sjukehus.BUK sin aktivitet er samla i dei nye Glasblokkene, der også Fødeavdelinga og Klinikk Psykisk Helsevern for barn og unge er lokalisert. I Glasblokkene er det eit eige Mottak for Barn og Unge og ei pediatrisk røntgenavdeling. I Barne- og ungdomsklinikken blir det også løyst oppgåver
innan forsking, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande.Seksjonen for generell pediatri ivaretar akuttpediatri, infeksjonar, lungesjukdommar og allergi og har ansvar for Barne- og ungdomsmottak og Barneovervakning. Seksjonen har også stor poliklinisk aktivitet. Seksjonen har høg pasientflyt, særleg i vintersesongen. Opplæring av LIS legar er også viktig i seksjonen. For tida har vi 7 overlegar på seksjonen. Arbeidsmiljøet er energisk og <sosialt.Vi> ønsker barnelegar med kompetanse innan akuttmedisin, infeksjon, lungemedisin og/eller allergi. Det er ein fordel med breidde i arbeidserfaringa, og ein må rekne med å dekke fleire en eitt felt i sitt arbeid. Vi ser spesifikt etter søkarar som ønsker å fordype seg i allergologi, lungemedisin og/eller akuttmedisin. Eigenskapar vi ser spesielt etter er høg arbeidskapasitet, hjelpsomhet, fleksibilitet og evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert. Seksjonen har eit eige ansvar for opplæring av nye legar, og pedagogiske evner vil bli vektlagt. Det er forventa deltaking i ei av vaktordningane ved Barne- og ungdomsklinikken etter kompetanse og klinikkens behov.
Arbeidsoppgåver Arbeid i poliklinikk, mottak, sengepost Det forutset deltaking i vakt i henhald til kompetanse og klinikkens behov Du vil vere delaktig i undervisning og rettleiing av legar, studentar og andre personellgrupper Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege Godkjend spesialist i barnesjukdommar med fordjuping er ønskeleg. Det blir lagt vekt på klinisk erfaring og fungering Søkarar med bakgrunn innan forsking vil bli vektlagt Gode samarbeidferdigheiter og ønske om å vere del av eit tverrfagleg team Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg eller eit anna skandinavisk språk God evne til skriftleg dokumentasjon Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell §20a Personlege eigenskapar Du må kunne arbeide sjølvstendig Du må ha gode samhandlingsevner og må kunne kommunisere med barn og foreldre på ein god måte Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende Du har eit godt lag med folk Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Triveleg arbeidsmiljø Fagleg og personleg utvikling Gode pensjons- og forsikringsordningar Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonNinnie Helen Bakken Oehme, Seksjonsleiar, +4741701589
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5177968885
Stillingsprosent: 100%
Fast, Engasjement
Søknadsfrist: 17.11.2026
Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på <www.helse-bergen.no> eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Similar roles you might like
See all →This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing