Skip to content
← Back to job listings

Otterdal Vatne AS søkjer fleire medarbeidarar - bli med på laget innan betongsaging, wiresaging og spesialriving

OTTERDAL VATNE AS · Møre og Romsdal, Norway

Imported listingfull-time3 days ago

About The Role

Otterdal Vatne AS søkjer fleire dyktige og motiverte medarbeidarar som ønskjer ein variert og spennande arbeidskvardag!
Vi er ei mindre bedrift med store ambisjonar, og satsar tungt på betongsaging, kjerneboring, wiresaging og spesialisert riving av større betongkonstruksjonar.

Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som er praktisk anlagt, nevenyttig og har lyst til å lære eit spennande fag!
Du treng ikkje ha erfaring frå betongsaging eller rivingsarbeid. Vi er først og fremst opptekne av å finne dei rette personane med god arbeidsmoral, positiv innstilling og interesse for praktisk arbeid.
Vi ser gjerne at du:

Er nevenyttig og trivst med fysisk arbeid

Er lærevillig, løysingsorientert og tek initiativ

Har god arbeidsmoral og møter opp med ei positiv innstilling

Kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre

Er fleksibel med tanke på arbeidstid og reiseoppdrag

Har førarkort klasse B, gjerne BE

Har interesse for maskiner, verktøy og teknisk arbeid

Erfaring frå bygg og anlegg, maskinkøyring, betongsaging eller riving er ein fordel, men absolutt ikkje eit krav.
Vi sørgjer for nødvendig opplæring og ønskjer å utvikle dyktige fagfolk internt.
For oss er haldningar, innsatsvilje og personlege eigenskapar viktigare enn ein lang CV.

Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og omfattar mellom anna:

Betongsaging og kjerneboring

Wiresaging av betong, fjell og større konstruksjonar

Riving og demontering av betongkonstruksjonar, mellom anna ferjekaier, bruer og industribygg

Maskinell riving med elektrisk riverobot og gravemaskin

Meisling, pigging og anna rivingsarbeid

Betening og vedlikehald av moderne maskiner og spesialutstyr

Andre oppgåver innan bygg, anlegg og spesialriving

Vi utfører oppdrag på Sunnmøre og elles i landet.
Du vil få ein variert arbeidskvardag med både mindre oppdrag og større, teknisk krevjande prosjekt.

Vi tilbyr
Vi tilbyr:

Svært konkurransedyktige lønnsvilkår

Attraktiv bonusordning

Fast tilsetjing i ei solid satsande bedrift i sterk vekst

Eit godt, uformelt og inkluderande arbeidsmiljø

Moderne maskinpark med fokus på elektrisk og effektivt utstyr

Spennande og varierte arbeidsoppgåver -- frå mindre lokale oppdrag til store spesialprosjekt

Gode moglegheiter for fagleg utvikling, kurs og opplæring

Moglegheit til å spesialisere seg innan wiresaging, betongsaging og avansert rivingsarbeid

Stor grad av sjølvstende, ansvar og påverknad på eigen arbeidskvardag

Hos oss blir du ikkje berre ein av mange tilsette. Du blir ein viktig del av eit mindre team der innsats, initiativ og gode resultat blir verdsette.
Vi ønskjer å satse på medarbeidarane våre, og meiner at gode prestasjonar også skal lønne seg.

Om arbeidsgiveren: Otterdal Vatne AS er ei lokal bedrift med base i Ørsta, i sterk vekst og med store ambisjonar for framtida.
Vi har spesialisert oss på betongsaging, kjerneboring, wiresaging og riving av betongkonstruksjonar. Vi utfører alt frå mindre lokale oppdrag til større og teknisk krevjande prosjekt, som riving av ferjekaier, industrikonstruksjonar og wiresaging av betong og fjell.
Vi satsar på moderne maskiner og utstyr, mellom anna elektriske riverobotar og avansert wiresagingsutstyr.
Som ei mindre bedrift legg vi stor vekt på godt arbeidsmiljø, kvalitet og tett samarbeid. Vi er stolte av kompetansen vi har bygd opp, og ønskjer no å styrkje laget med fleire dyktige medarbeidarar som vil vere med på den vidare veksten.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing