Sjukepleiar i heimesjukepleia
SKJÅK KOMMUNE HEIMEBASERTE TJENESTER · Innlandet, Norway
About The Role
Skjåk kommune har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar.
Stillinga er ledig frå dags dato
Det er fleksibelt helgemønster på stillinga med anten 3. kvar helg eller 4.kvar helg med langvakter. Vi kan legge til rette for ei turnusordning som passar din livssituasjon og kvardag, med moglegheit for komprimert arbeidstid og lengre friperiodar-ei turnusordning som gjev rom for både jobb og fritid.
Heimesjukepleia gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i fagsystem. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen.
Kvalifikasjonar
Godkjent sjukepleiar
Anna helsefagleg utdanning vil/kan bli vurdert
Førarkort klasse B
Godkjent politiattest
Vi vektlegg at du
viser engasjement i faget, kan prioritere i ein travel kvardag
har erfaring frå liknande arbeid
viser fleksibilitet i høve til omstillingar og løysningsorientert
har evne til å arbeide sjølvstendig
har gode samarbeidsevner
har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
har generell forståing for bruk av meistringsteknologi
Vi tilbyr
tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
pensjonsordning i KLP
Om arbeidsgiveren: Heimesjukepleia skal yte nødvendig helsehjelp, og har som mål at personen skal vere mest mogleg sjølvhjelpt. Tilbodet omfattar difor informasjon, støtte og rettleiing. Heimesjukepleia si oppgåve er å legge til rette for eiga meistring, og å hjelpe til med det personen ikkje meistrar sjølv.
Similar roles you might like
See all →This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing