Kjøkkentenesta søker etter ny medarbeidar
SKEI OMSORGSSENTER · Vestland, Norway
About The Role
Kjøkkentenesta har kjøkken på alle omsorgssentera i Sunnfjord kommune. Vi produserer mat til bebuarar på omsorgssenteret, til heimebuande, samt leverer varm mat alle dagar i året. Har du fagbrev som ernæringskokk eller kokk innan hotell- og restaurantfaget, og ønsker å vere med på å skape gode måltidsopplevingar for brukarane våre? Vi har ledig følgande stilling: 60 % fast stilling som kokk, for tida ved Skei omsorgssenter Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg og har arbeid på dagtid. Kvalifikasjonar: fagbrev som ernæringskokk eller kokk innan hotell- og restaurantfaget kunnskap om IK-mat og HACCP gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Har du erfaring frå storkjøkken, men manglar fagbrev, er du også velkomen til å søke. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. Arbeidsoppgåver er mellom anna: produksjon og tilrettelegging av måltid sikre god kvalitet og arbeide etter gjeldande krav innan IK-Mat og HACCP samarbeid med kollegaer og andre faggrupper bidra til utvikling av gode mat- og ernæringstenester Vi legg vekt på at du: er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø har interesse for å yte gode tenester til brukarane våre er strukturert og tek ansvar i det daglege arbeidet Vi tilbyr: eit triveleg og fagleg engasjert arbeidsmiljø varierte arbeidsoppgåver moglegheit til å bidra i utviklinga av framtidas mat- og ernæringstenester Vi ønsker medarbeidarar som ser verdien av mat og ernæring som ein viktig del av helse, trivsel og omsorg. Du søker elektronisk. Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Similar roles you might like
See all →This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing