Rådgivende ingeniør fysikk (RIBfy)
NORDPLAN AS AVD NORDFJORD · Vestland, Norway
About The Role
Vi søkjer ein engasjert og fagleg dyktig rådgivande ingeniør innan bygningsfysikk som ønskjer å arbeide med varierte prosjekt og vere ein aktiv del av tverrfaglege prosjekteringsmiljø.
Hos oss får du arbeide tett saman med arkitektar, ingeniørar og andre rådgivarar innan ei rekkje fagområde.
Hva vi ser etter
har relevant høgare utdanning innan bygg, energi, bygningsfysikk eller tilsvarande
har erfaring med bygningsfysisk prosjektering, eller eit sterkt ønske om å utvikle deg innan fagområdet
har kjennskap til TEK17 og relevante standardar og rettleiingar
har god forståing for byggjekonstruksjonar og samanhengen mellom materialbruk, fukt, energi og inneklima
arbeider strukturert og sjølvstendig
trivst med samarbeid på tvers av fag
kommuniserer godt både skriftleg og munnleg på norsk
Erfaring med energi- og bygningsfysiske berekningsverktøy, BIM og tverrfagleg prosjektering vil vere ein fordel.
Vi er opne både for deg som har fleire års erfaring og for deg som er tidlegare i karrieren og ønskjer å byggje opp solid kompetanse innan bygningsfysikk.
Arbeidsoppgaver
Som RIBfy hos Nordplan vil du mellom anna arbeide med:
bygningsfysisk prosjektering og rådgiving
vurdering og prosjektering av klimaskjerm, konstruksjonsoppbygging og detaljløysingar
energiberekningar og dokumentasjon etter TEK17
vurdering av kuldebruer, lufttettleik og varmeisolering
dagslys- og inneklimavurderingar
rehabilitering og vurdering av eksisterande bygg
utarbeiding av notat, rapportar, beskrivingar og prosjekteringsgrunnlag
tverrfagleg koordinering i prosjekt
oppfølging i byggjefase, synfaringar og kontroll ved behov
dialog med kundar, entreprenørar og andre samarbeidspartnarar
Arbeidsoppgåvene vil kunne tilpassast kompetansen og erfaringa di.
Vi tilbyr
Hos Nordplan får du:
spennande og varierte prosjekt
stor påverknad på eigen arbeidskvardag og fagleg utvikling
eit tverrfagleg miljø med korte avstandar mellom fag og menneske
høve til å følgje prosjekt frå tidlegfase til ferdig bygg
gode moglegheiter for fagleg utvikling og auka ansvar
fleksibilitet i arbeidskvardagen
konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
eit inkluderande og uformelt arbeidsmiljø
Nordplan har eit breitt tverrfagleg fagmiljø og arbeider med planlegging, arkitektur og rådgivande ingeniørtenester. Vi ønskjer å skape gode løysingar gjennom tett samarbeid mellom fagområda våre og med kundane våre.
Om arbeidsgiveren: I Nordplan ser vi at gode løysingar kjem når ein ser menneska bak prosjekta og omgjevnadane dei skal passe inn i. Vi er eit tverrfagleg selskap som jobbar med alle fasar av ein planprosess, eit infrastruktur- eller byggeprosjekt. Vi hjelper også til med drift og eigedomsutvikling. Her jobbar arkitektar, ingeniørar, landskapsarkitektar og planleggjarar side om side -- for vi meiner dei beste ideane blir til når vi deler kunnskap og ser moglegheiter saman. Vi trur på samarbeidet og engasjementet som oppstår når flinke folk får spele kvarandre gode.
Det er ikkje berre kva vi gjer som betyr noko for oss, men også korleis vi gjer det. For oss handlar arbeidet om meir enn det ferdige resultatet. Det handlar om å skape varige løysningar, som gjer kvardagen betre og lokalsamfunna sterkare.
Similar roles you might like
See all →This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing