Skip to content
← Back to job listings

Kvistlaus AS søkjer tilkallingsvikarar til reinhald i Ålesund-området

KVISTLAUS AS · Møre og Romsdal, Norway

Imported listingfull-time16 days ago

About The Role

Kvistlaus AS søkjer tilkallingsvikarar til reinhald i Ålesund-området
Kvistlaus er eit lokalt reinhaldsfirma på Sunnmøre som tek på seg flyttevask, byggvask og anna reinhald for private kundar, borettslag og sameige. No har vi meir å gjere i Ålesund-området og treng fleire gode folk vi kan ringje når oppdraga kjem.
Kva du skal gjere
Du reiser ut til kundar og utfører reinhald etter avtale, oftast flyttevask og byggvask. Du får klare instruksar og sjekklister, men er stort sett åleine eller to på jobb, så du må kunne ta ansvar for at resultatet blir bra.
Vi ser etter deg som

kan jobbe sjølvstendig og er nøyaktig

er påliteleg og møter når du har sagt ja til eit oppdrag

disponerer eigen bil og har førarkort klasse B

snakkar og forstår norsk eller engelsk godt nok til å kommunisere med kundar

gjerne har erfaring frå reinhald, men det er ikkje eit krav

Vi tilbyr

fleksibelt arbeid -- du takkar ja til oppdrag når det passar deg

løn etter avtale

køyregodtgjersle etter statens satsar

utstyr og reinhaldsmiddel frå firmaet

HMS-kort og nødvendig opplæring

Om stillinga
Tilkallingsvakt, ingen fast stillingsprosent. Oppstart snarast.
Søknad
Send ein kort søknad med litt om deg sjølv og kor du bur til <[email hidden]>.
vi går gjennom søknader fortløpande.
Om arbeidsgiveren: Kvistlaus er eit lokalt reinhaldsfirma på Sunnmøre som tek på seg flyttevask, byggvask og anna reinhald for private kundar, borettslag og sameige. No har vi meir å gjere i Ålesund-området og treng fleire gode folk vi kan ringje når oppdraga kjem.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing