Skip to content
← Back to job listings

Overlege, spesialist i psykiatri  Regional avdeling spiseforstyrringar

HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS · Vestland, Norway

Imported listingfull-time13 days ago

About The Role

Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS) er ein av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon psykisk helsevern. Tre avdelingar er lokalisert ved Sandviken sjukehus: Avdeling stemningslidingar, Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM) og Avdeling spesialisert psykosebehandling. To avdelingar er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområdet: Avdeling psykosomatisk medisin og Regional avdeling spiseforstyrringar.

Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Vårt mål er at Regional avdeling spiseforstyrringar skal vere leiande i fagfeltet. Som overlege ved RAS vil du ha behandlingsansvar for pasientar i sengepost og bistå med veiledning i vårt tverrfaglige Responsteam. Du vil jobbe tett med eit høgspesialisert fagleg team saman med overlege, psykologspesialistar/psykologar, sosionom, klinisk ernæringsfysiolog og sjukepleiarar/psykiatriske sjukepleiarar. Teamet har fokus på gode pasientforløp på tvers av behandlingsnivå i Helse Vest.

RAS er ei av fire regionale einingar i Noreg, og gjev behandlingstilbod til pasientar med alvorlege spiseforstyrringar i Helse Vest. Avdelinga har eit døgntilbod med åtte sengeplassar samt eit eit tverrfagleg Responsteam, som tilbyr rettleiing til behandlarar og behandlingsteam i saker med alvorlege spiseforstyrringar i regionen. Vi har ansvar for utvikling av kompetanse innan spiseforstyrringar i Helse Vest. Kvalitetsarbeid og forsking er sentrale satsingsområde, og avdelinga har ei forskningsgruppe i samarbeid med Psykisk helsevern for barn og unge.

Arbeidsoppgåver Utgreiing og diagnostisering av pasientar knytta til avdelinga Behandlingsansvar, planlegging og gjennomføring av behandling Deltaking i tverrfagleg team
Samarbeid med lokale behandlingsteam for å sikre samanhengande pasientforløp Rettleiing og formidling av kunnskap internt og eksternt i Helse Vest Medverke til fagleg vidareutvikling av tenestetilbodet Deltaking i bakvaktsordning for psykiatrisk klinikk Rettleiing av LIS
Kvalifikasjonar Godkjend spesialist i psykiatri Erfaren lege i spesialisering (LIS 3) som snart er godkjend spesialist kan også søke
Det er ein fordel med erfaring frå behandling av pasientar med spiseforstyrringar Søkar må meistre norsk på høgt nivå, både munnleg og skriftleg Norsk autorisasjon
Personlege eigenskapar Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din Du er motivert, fleksibel og løysingsorientert Du trivast med å jobbe i tverrfagleg team Du har gode evne til kommunikasjon og samarbeid Du bidrar aktivt til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø Vi legg vekt på at søkar er personleg eigna Vi tilbyr Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer
Høgt fagleg nivå Anledning til forsking Deltaking i kompetanseprogram inkludert deltaking i internasjonalt samarbeid på fagfeltet Lønn etter avtale Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonKnut Olaf Skårdalsmo, Avdelingssjef, 55958774

Anders Hartwig, Overlege, 48248507

ArbeidsstadHaukelandsbakken 15

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5181737007

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.10.2026

Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på <www.helse-bergen.no> eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing