Skip to content
← Back to job listings

Matvert i Spisestua

HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS · Vestland, Norway

Imported listingfull-time10 days ago

About The Role

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal kome i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov. Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar. Per i dag betener vi 22 spisestuer. Spisestuene er open frå kl. 07.00 - 22.00 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Sjukdomsrelatert underernæring er vanleg hos pasientar som blir innlagd på sjukehus. Dette fører til unødig høg førekomst av komplikasjonar, og kan vere med på å forlenge sjukehusopphaldet. Den fremste oppgåva for våre matvertar, er å påverke pasientane til å ete og ta til seg næring. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir mellom dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding.

Vi har no ledig følgande stillingar

2 x 15% faste stillingar som Matvert, med arbeid kvar tredje helg. 1 X 100% stilling som Matvert, vikariat i 6 måneder med arbeid kvar tredje helg.

Vi søker etter fleksible, sjølvstendige og ansvarsbevisste personar som er villig til å tileigne seg ny kunnskap. Matverten må pårekna å arbeide i alle våre spisestuer. Merk søknaden med kva stilling ein søker på. Søkarer med fagbrev som kokk vil også være aktuelle. Kandidatar kan bli innkalla til intervju undervegs i prosessen.

Arbeidsoppgåver Bidra med matomsorg til pasientar Bestilling, tillaging og servering av måltid Reinhald, oppvask og rydding Kvalifikasjonar Må ha erfaring frå kjøkken/kantine Kjennskap til IK-mat Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg Språkleg kunnskapsnivå må kunne dokumentarast Personlege eigenskapar Fagleg interesse og engasjement Serviceinnstilt og imøtekommande Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre Strukturert og nøyaktig Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø Ha respekt for kvar enkelt pasient Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer Vi tilbyr Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN." Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse KontaktinformasjonEvy Førland Sander, Seksjonsleiar, 55974904, <[email hidden]>

ArbeidsstadHaukelandsveien 22

5021 Bergen

  • Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
  • Referansenr.: 5179333696
  • Stillingsprosent: 15, 100%

Fast, Vikariat

Startdato: 19.10.2026

Søknadsfrist: 28.09.2026

Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på <www.helse-bergen.no> eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing