Skip to content
← Back to job listings

Vernepleiar/sjukepleiar: 100% fast stilling og årsvikariat 100% stilling

SURNADAL KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON · Møre og Romsdal, Norway

Imported listingfull-time4 days ago

About The Role

Vi har ledig ei fast 100% stiling og eit vikariat i eit år i 100%.

Det er ønske om å tilsette i 100% stilling, men om det er 80% som er aktuelt kan det vere mogle g. Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om mellom anna helsehjelp,praktisk bistand og opplæring, samt gir aktivitets- og arbeidstilbod til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov.

Målet er å bidra med helsehjelp og godt miljøarbeid slik at kvar enkelt opplever å vere trygg og ha best mogleg livskvalitet.

Arbeidsoppgåver: Miljøarbeid og praktisk bistand etter gjeldande retningslinjer Rapportere og dokuementere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk Kollegaveiledning og å bidra til fagleg utvikling i eininga Legemiddelhandtering Samarbeid med pårørande, verger og andre samarbeidspartar Tverrfagleg samarbeid Administrative oppgåver kan bli lagt til stillinga Kvalifikasjonar:

Norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar Erfaring med og interesse for brukargruppa

Gode datakunnskapar Evne til å jobbe stølvstendig og i team Personlege eigenskapar vi sett høgt og legg vekt på

Ansvarsbevisst, påliteleg og nøyaktig Sett brukarane sine ønske og behov i fokus Evne til å arbeide planmessig og systematisk og med god gjennomføringsevne Gode omsorgs- og samarbeidsevner Er opptatt av å søke nye løysingar og ny kunnskap Tilsettingsvilkår:

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.

Du må ha førarkort kl.B. Hos oss får du: - utfordrande og varierte arbeidsoppgåver - godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer - gode pensjons- og forsikringsordningar - kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff

Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om helsehjelp, praktisk bistand og opplæring til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov. Vi gjev også tilbod om avlasting i avlastingsbustad for familiar som har særleg tyngande omsorgsoppgåver. Vi har ulike formar for aktivitetstilbod og arbeid til brukergruppa ved Sommerrotunet aktivitetshus. Mange som mottek tenester fra oss har behov for tilsyn og bistand hele døgnet. Boligane er litt spredd i sentrum og vi har også tenester i boligar som ikkje er tilknytt fellesbustadane. Når det kjem til fellesbustadane så bur nokre i leilegheiter de eig sjølv, medan andre leier kommunale bolig i borettslaget.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing