Kokk 12% fast stilling, helg, på Ølve Alderspensjonat
KVINNHERAD KOMMUNE HEIMETENESTER NORD ØLVE · Vestland, Norway
About The Role
Ølve alderspensjonat har 14 omsorgsbustader, dagsenter og produksjonskjøkken. Kokken lagar middag kvar dag for bebuarar og dagpasientar. Vi søkjer etter kokk i 12% fast stilling med arbeid 3. kvar helg med tilsetjing 1. november. Kvalifikasjonar Relevant erfaring God munnleg og skriftleg norsk framstilling Personlege eigenskapar Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du må vere fleksibel og løysningsorientert. Ansvarsfull og nøyaktig Serviceinnstilt Sjølvstendig Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Vi tilbyr Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd. Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø. Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (<https://kvinnherad.friskus.com/events>)
Similar roles you might like
See all →This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
