Sjukepleiar med interesse for diabetes til spennande kombinasjonsstilling
HELSE FONNA HF STORD SJUKEHUS · Vestland, Norway
About The Role
🩺 Vil du vera med og vidareutvikla diabetesoppfølginga vår, og samtidig bli ein del av eit breitt medisinsk fagmiljø?
Ved Medisinsk poliklinikk på Stord sjukehus har vi ledig 50 % stilling som diabetessjukepleiar. Stillinga vert kombinert med 50 % stilling på sengepost med helgearbeid, slik at ho til saman utgjer ei 100 % stilling.
Vi søkjer primært etter diabetessjukepleiar, men sjukepleiarar med relevant erfaring og interesse for fagområda ved poliklinikken er òg velkomne til å søkja.
💙 Ved Medisinsk poliklinikk møter du eit breitt spekter av pasientgrupper og fagområde. I tillegg til diabetes arbeider vi innan hjarte-, lunge- og gastrofaget, og følgjer opp ei stor gruppe pasientar med IBD og andre pasientar som treng infusjonsbehandling.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag, tett samarbeid med dyktige kollegaer og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Er dette noko for deg? Send inn søknaden din allereie i dag!
Kva går jobben ut på? Som diabetessjukepleiar vil du mellom anna jobba med
individuell rettleiing og oppfølging av pasientar med diabetes opplæring i pasienten si eiga behandling og meistring av sjukdommen oppfølging av behandling, blodsukker og livsstilsfaktorar samarbeid med legar og andre faggrupper bidra til fagutvikling og gode pasientforløp innan diabetes etter opplæring også kunna bidra på fleire fagområder på medisinsk poliklinikk Du vil ha hovudansvar for oppfølging innan diabetes, men me ynskjer at sjukepleiarane våre over tid skal ha kompetanse innan fleire fagområder Det vil difor bli lagt tilrette for opplæring og kompetansebygging innan nokre av dei andre faga også.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisajon som sjukepleiar Ynskjelig med vidareutdanning innan diabetes Poliklinisk arbeid innan gastro, lunge eller hjerte er også aktuelt.
God munnleg og skriftleg norskkunnskapar er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du er fagleg nysgjerrig og etterspør rettleiing om du er usikker på noko samarbeider godt i team og bidreg til eit godt arbeidsmiljø arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigne oppgåver har eit ekte engasjement for pasientane og gode pasientforløp 🌟Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du ein spanande og variert arbeidskvardag eit breitt og kompetent fagmiljø gode høve for fagleg utvikling høve til å kombinera poliklinisik arbeid med turnusarbeid på anna post eit inkluderande arbeidsmiljø der me ynskjer å spela kvarandre gode
Me oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonTina Dahle Nilsen, Funksjonsleiar pleie
ArbeidsstadTysevegen 64
5416 STORD
- Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
- Referansenr.: 5178403465
- Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.09.2026
Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her <www.helse-fonna.no> .
Similar roles you might like
See all →This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
