Bibliotekkonsulent - 100% fast stilling
SYKKYLVEN BIBLIOTEK · Møre og Romsdal, Norway
About The Role
Vår kjære kollega gjennom mange år pensjonerer seg og Sykkylven bibliotek har difor behov for ein ny bibliotekkonsulent i 100% fast stilling frå november. Biblioteket er sentralt plassert i Aure sentrum i Sykkylven. Lokala sto ferdig i 2023 og er tilpassa moderne bibliotekdrift. Arbeidsdagane er varierte, med fleire ulike arbeidsoppgåver. Arbeidstidene er hovudsakleg faste, men kan variere ved arrangement.
Arbeidsoppgåver Publikumsbetening i skranken Formidling og utstillingar Administrative oppgåver Oppgåver knytt til utstyrssentral Behandling av bokbestand Ansvar for lokalhistorisk samling Fakturering og erstatningskrav Handtering og opplæring i digitale bibliotekverktøy Andre oppgåver vil kunne leggjast til stillinga Kvalifikasjonar Relevant erfaring frå biblioteksektoren Gjerne erfaring med biblioteksystemet Cicero God munnleg og skriftleg framstillingsevne Gode digitale kunnskapar Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Du må kunne nytte nynorsk Gode engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Trivs med formidling både fysisk og digitalt
Ha gjennomføringsevne og vere "sjølvgåande"
Like å møte og gi service til bibliotekbrukarar i alle aldersgrupper
Takle både kreative aktivitetar og rutinearbeid Utadvent, omgjengeleg og serviceinnstilt
Initiativrik, nøyaktig og fleksibel Vi tilbyr Ein framtidsretta arbeidsplass med spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver Godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer Mogelegheit til å bidra til å løyse kommuna sitt viktige samfunnsoppdrag Lønn etter kommunalt regulativ God pensjonsordning gjennom KLP
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden. KontaktinformasjonHelen Seth, Biblioteksjef, 46940185, <[email hidden]>
Halstein Kurseth, Kultursjef, 41605528, <[email hidden]>
ArbeidsstadPilgata 10
6230 Sykkylven
- Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
- Referansenr.: 5177089755
- Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.11.2026
Søknadsfrist: 27.09.2026
Om arbeidsgiveren: Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon. Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her !
Similar roles you might like
See all →This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
