Skip to content
← Back to job listings

Prosjektleiar tunnel - Bybanen Utbygging

VESTLAND FYLKESKOMMUNE EIGEDOM OG UTBYGGING BERGEN · Vestland, Norway

Imported listingfull-time5 days ago

About The Role

Bybanen er ryggrada i kollektivsystemet i Bergen og ei sentral drivkraft i utviklinga av byen. No søkjer vi ein erfaren prosjektleiar som vil vere med på å realisere byggetrinn 5, Bybanen til Åsane, og andre spennande oppgåver i Bybanen Utbygging. Stillinga ligg til seksjonen Bybanen Utbygging, som er ein del av avdelinga Eigedom og utbygging i Vestland fylkeskommune. Dette er stillinga for deg som trivst med å arbeide med komplekse løysingar i eit høgkompetent fagmiljø, og bidra til å sette varige spor i Bergen. Arbeidsstad er Vestlandshuset, eit topp moderne kontorlokale midt i Bergen sentrum.

Arbeidsoppgåver Som prosjektleiar får du ei særs viktig rolle i prosjektet, med eit heilskapleg ansvar for planlegging og gjennomføring av bybanetunnelen i sentrum. Du vil ha ansvar for førebuing og gjennomføring av innkjøp, kontraktsforhandlingar med entreprenørar, oppfølging av byggjefasen og overlevering til eigar. Dette er ei sentral nøkkelrolle i Bybanen Utbygging, med tett samarbeid med prosjektleiinga og prosjektet si øvste leiing. Vi ser òg for oss at du bidreg aktivt i det strategiske utviklingsarbeidet i prosjektet og spelar ei viktig rolle i den samla prosjektleiinga.

Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har lang erfaring frå store komplekse prosjekt, og som forstår kva som skal til for å fylle prosjektleiarrolla frå planlegging til ferdigstilling. Vi ønskjer at du har: Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå, som ingeniør eller sivilingeniør

Prosjektleiarerfaring, med god forståing for prosjektgjennomføring

Erfaring med handtering av kontraktar, entreprisar og oppfølging av eksterne leverandørar

Erfaring i HMS-, framdrifts-, økonomi-, kvalitets- og risikostyring

Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som har lang erfaring frå store komplekse prosjekt, og som forstår kva som skal til for å fylle prosjektleiarrolla frå planlegging til ferdigstilling. Vi ønskjer at du har: Har ledererfaring og evne til å kommunisera tydeleg

Kan kommunisera munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Arbeider strukturert og tek ansvar for framdrift, økonomi og kvalitet

Tek initiativ, har gode samarbeidsevner og bidreg til eit innovativt miljø

Evnar å sjå både heilskap og detaljar, og motiverast av å utvikla gode løysingar saman med andre i krevjande grensesnitt

Kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent, modig

Vi tilbyr Du får ein sentral rolle i eit av dei mest spennande samferdselsprosjekta i Bergen, på Vestlandet og Norge. Bidraget ditt er med å utvikle Bergen, samtidig som du blir del av eit sterkt prosjektmiljø i Vestland fylkeskommune. Vi tilbyr mellom anna: Ei leiande nøkkelrolle i prosjektet

Store faglege utfordringar og reell påverknad

Eit kompetent og engasjert prosjektmiljø

Lønn etter avtale

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor

Ordningar for fagleg utvikling og kompetansebygging

Deltaking på fagmesser og i bransjesamarbeid

Moderne kontorlokale med eige treningsrom og sykkelgarasje med garderobar KontaktinformasjonArve Tjønn Rinde, prosjektdirektør, +47 93031874

ArbeidsstadLars Hilles gate 22

5008 Bergen

  • Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
  • Referansenr.: 5178917151
  • Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.09.2026

Om arbeidsgiveren: Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing