Småbarnas superhelt – Vikariat i Vassenden barnehage
VASSENDEN BARNEHAGE SA · Vestland, Norway
About The Role
Vassenden barnehage søkjer ein aktiv og engasjert medarbeidar til 100 % stilling på småbarnsavdeling, vikariat med moglegheit for fast jobb. Hos oss er leiken hjartet i kvardagen. Vi ønskjer ein vaksen som deltek og utforskar med barna – ute og inne, med humor og glede.
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som
trivast med ein aktiv og variert kvardag, du ynskjer å vere ein viktig vaksen for dei yngste barna.
Du
- møter barna med varme og forståing, samtidig som du er tydeleg og set trygge grenser
- held roa når barn treng trøyst, protesterer eller treng ekstra støtte
- tek initiativ og deltek aktivt i leik og aktivitet
- trivst ute i all slags vêr
- bruker humor i arbeidet og bidreg til glede og godt humør
- samarbeider godt, tek imot rettleiing og deler viktig informasjon
- er påliteleg, møter presis og tek ansvar for oppgåvene dine
- trivst med ein fysisk arbeidsdag og kan vere tett på barna på golvet, i garderoben og ute på tur
- Relevant utdanning eller erfaring frå arbeid med barn er ein fordel. Det viktigaste er at du er motivert, lærevillig og personleg eigna til å arbeide med små barn.
- Vi ønskjer mangfald i personalgruppa og oppmodar både menn og kvinner til å søkje.
Arbeidsoppgaver
På Trollungane arbeider du med barn i alderen 1-2 år. Arbeidsdagen krev at du er tett på barna: Du må kunne sitje på golvet og delta i leiken, hjelpe med måltid, bleieskift, søvn og påkleding - og vere med ut i all slags vêr.
Dette skal du gjere
- ta imot barn og foreldre på ein trygg og god måte
- delta aktivt i leik, aktivitetar og turar i nærmiljøet
- hjelpe barna med måltid, bleieskift, søvn og påkleding
- sjå behova til barn som enno har lite språk
- støtte barna i samspel, vennskap og leik
- førebu enkle aktivitetar tilpassa dei yngste
- samarbeide med foreldre og kollegaer og bidra til orden på avdelinga
- Vi ønskjer ein medarbeidar som tek aktivt del i aktivitetane saman med barna.
- Vi tilbyr
- Dette tilbyr vi
- eit 100 % vikariat med moglegheit for fast stilling
- løn etter utdanning og ansiennitet i samsvar med gjeldande PBL-tariffavtale
- pensjons- og forsikringsordningar gjennom PBL
- ein variert arbeidsdag med leik, uteliv og aktivitet
- kollegaer som samarbeider og hjelper kvarandre
- høve til å påverke aktivitetane og leikemiljøet på avdelinga
- Arbeidstida varierer etter arbeidsplan innanfor tidsrommet kl. 06.30-16.45 . Barnehagen har ope frå kl. 06.45 til 16.45 .
- Tilsetjing føreset at du legg fram godkjend politiattest før du tek til i stillinga.
- I Vassenden barnehage arbeider vi for at både barn og vaksne skal vere GLADE OG TRYGGE SAMAN .
- Om arbeidsgiveren: Om Vassenden Barnehage
- Vassenden barnehage er ein privat, foreldreeigd barnehage på Vassenden i Sunnfjord kommune.
- Barnehagen har tre avdelingar: Trollungane for dei yngste barna, Veslefrikk for 3-åringane og Askeladden for dei største barna.
- Vi har eit stort og variert uteområde med leikeapparat, skog, grillhytte og både flate og kuperte område som gir gode moglegheiter for leik og motorisk utvikling.
- Mottoet vårt er: "GLADE OG TRYGGE SAMAN I LEIK OG LÆRING"
Similar roles you might like
See all →This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
