Skip to content
← Back to job listings

Lom kommune søkjar reinhaldar - 60% fast stilling

LOM KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON · Innlandet, Norway

Imported listingfull-time6 days ago

About The Role

Vi søkjar reinhaldar - 60% fast stilling

Vil du bidra til reine, trygge og trivelege omgjevnader i Lom kommune? Søknadsfrist: 07.10.2026

Reinhald er ein viktig del av tenestene i kommunen og har mykje å seie for helse, trivsel og eit godt inneklima. Vi søkjer deg som er påliteleg, fleksibel og løysingsorientert, og som ønskjer å bidra til gode omgjevnader for alle som bruker bygga våre.

Vi har ledig ei fast 60 % stilling som reinhaldar. Du blir ein del av tenesteområdet kommunal eigedom og får ein variert arbeidskvardag i dei kommunale bygga.

Arbeidsoppgåver

Du vil utføre reinhald i mellom anna skular, barnehagar og andre kommunale lokale. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

dagleg og periodisk reinhald og hovudreinhald etter gjeldande rutinar og kvalitetskrav

bruk og vedlikehald av reinhaldsutstyr og -materiell

bidra til eit godt inneklima og eit triveleg miljø for brukarar og tilsette

Vi ser etter deg som

arbeider sjølvstendig og strukturert

er fleksibel, ansvarsbevisst og påliteleg

samarbeider godt og bidreg positivt til arbeidsmiljøet

møter kollegaer og brukarar på ein inkluderande og profesjonell måte

er oppteken av kvalitet i arbeidet

Kvalifikasjonar

Fagbrev innan reinhald er ønskjeleg, men relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev.

Du har grunnleggjande digital kompetanse og kan bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.

Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav.

Det er krav om godkjend politiattest.

Vi tilbyr

ein variert og meiningsfull arbeidskvardag

eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving

lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk

Om arbeidsgiveren: I Lom får du kombinere ein meiningsfull jobb med eit aktivt bygdeliv og storslått natur rett utanfor døra. Hjå oss blir du del av eit godt fagmiljø der du blir sett, får ansvar og har moglegheit til å påverke.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing