Fagkonsulent
BUFETAT VEST SENTER FORELDRE OG BARN SUDMANNSKE · Vestland, Norway
About The Role
Om stillinga og arbeidsstaden Region Vest, Senter for foreldre og barn avd. Sudmannske i Bergen, har ledig ei 100 % fast stilling som fagkonsulent. Kvar dag arbeider vi for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg. Vi møter familiar som står i krevjande situasjonar, og vi arbeider med kartlegging, samspelobservasjon, rettleiing og behandlingsarbeid - alltid med barnet sitt perspektiv som kompass. Vi er eit av tre senter med døgnavdelingar i Bufetat, Region Vest. Barna i målgruppa er 0-6 år, med prioritering av 0-2 år. Kjerneoppgåva er å bistå kommunale barnevernstenester med spesialisert utgreiing i barnevernstenesta si undersøking etter Lov om barnevern §§ 2-2/2-3, med fokus på foreldre-barn samspel, foreldre si omsorgskompetanse og barnet si fungering. Senteret kan ved ledig kapasitet tilby omsorgsendrande hjelpetiltak etter lov om barnevern § 3-1, med fokus på utvikling av foreldreferdigheitar og å styrkje tilknytinga mellom foreldre og barn. Senteret jobbar både heimebasert, poliklinisk og døgnbasert. Ansatte går i todelt turnus dag/kveld. For tida med inntil to seinvakter i veka og arbeid kvar 6.helg. Senteret er bemanna med eigne nattevakter, samt psykolog. Vi er eit tverrfagleg miljø som tek fag på alvor, men som òg veit at ein god latter innimellom gjer oss til betre hjelparar. Vi ynskjer eit miljø der vi arbeider saman, stiller opp og støttar kvarandre. Vi deler kunnskap og arbeider aktivt for å utvikle kompetansen vår. Vi stiller spørsmål, utfordrar kvarandre og vil kvarandre vel.
Arbeidsoppgåver Utgreiing og hjelpetiltak etter barnevernlova §§ 2-2, 2-3 og 3-1 Utgreiing med analysar og vurderingar av omsorgssituasjonen Oppgåver knytt til standardisert forløp for utgreiing av omsorgssituasjonen til sped- og småbarn Ansvar for dokumentasjon og rapportar i saker Utføre relevante og kunnskapsbaserte metodar i barnevernsfagleg arbeid Arbeide i team og samarbeide med tilsette i eit sterkt fagmiljø Bistå med fagleg kompetanse internt og eksternt Vere ein pådrivar for høg kvalitet og fagleg utvikling hjå oss Rettleiing av foreldre Vitneførsel i nemnd og rettsinstansar Samarbeid med foreldre og samarbeidspartar Utføre nødvendige praktiske oppgaver knyttet til drift av døgnavdeling, eksempelvis klargjøring av boenhet
Kva bakgrunn har du? Må-krav: 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar. Anna relevant treårig høgskuleutdanning kan og bli vurdert Relevant vidareutdanning: minimum 30 studiepoeng i kombinasjon med erfaring frå barnevernfagleg arbeid, eller 60 studiepoeng/master. Dersom du ikkje oppfyller dette kravet ved tilsetting, kan du berre vurderast til stillinga dersom du forpliktar seg til å ta slik utdanning innan eit år etter tilsetting God munnleg og skriftleg framstillingsevne God vurderingsevne Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide i team Førarkort klasse B Bør-krav: Erfaring frå barnevernfagleg arbeid Erfaring fra arbeid med sped- og småbarn Erfaring frå sjølvstendig dokumentasjonsarbeid som inneber analyser og vurderingar Rettleiingskompetanse Sertifisering/kunnskap knytt til metodar i utgreiings- og behandlingsarbeid med foreldre, sped- og småbarn
Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: Har stort engasjement for dei aller minste borna, og som vil bringe deira behov tydelegare inn i barnevernsarbeidet Som trivst i arbeidet med kartlegging, samspel, utviklingspsykologi og rettleiing Er lærevillig, nysgjerrig og villig til å utvikle deg saman med resten av teamet Organiserer arbeidsdagen din, tek ansvar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt Både kan vere varm og tydeleg i møte med familiar og samarbeidspartnarar, óg i krevande kontekster - og som toler at ingen dagar er heilt like
Kva får du hos oss? Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ, stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 520 000 - 660 000. Ved minst 60 studiepoeng relevant vidareutdanning er stillinga plassert i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1496 klinisk barnevernspedagog eller 1173 klinisk sosionom, p.t. kr 590 000 - 700 000. Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordninger (<http://spk.no>). Frå løna vert det trekt 2 % pensjonsinnskudd. I tillegg får du: Eit sterkt fagmiljø som verdset kompetanse og samarbeid, som både utfordrar og heiar Gode moglegheiter for fagleg utvikling og rettleiing Varierte arbeidsoppgåver Ein meiningsfull jobb der du verkeleg ser at arbeidet ditt betyr noko Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi små barn og familiar eit endå betre tilbod - og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv!
Opplysningar til deg som søkjar Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss. Stillinga er for tida lagd til Senter for foreldre og barn, avd. Sudmannske i Bergen. Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje. Prøvetid i samsvar med statsansatteloven. Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde? For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Vi ber om at du legg ved kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilete av kontrollbiletet i det digitale førarkortet eller skjermbilete som viser førarkortstatus frå <vegvesen.no>.
Om arbeidsgiveren: Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
JobSpring