Helsepersonell til stillingar på natt- tiltak barn i privat heim på Sjøholt
ØRSKOG HEIMETENESTE · Møre og Romsdal, Norway
About The Role
Vi søker etter helsepersonell/assistenter til arbeid på langvakt, i ca 80 % stilling. Eine stillinga er på natt, den andre på dag/kveld. Arbeid kvar 3.helg. Arbeidet er i privat heim i distriktet Ørskog, med kontinuerlig tilsyn og hjelp/oppfølging av eit barn på rundt 3 år.
Opplæring vil foregå på dagtid. Oppstart i stilling frå rundt 1.sept, men med muligheter for oppstart med opplæring og/eller ekstravakter tidligare.
Arbeidsoppgåver Sikre nødvendig helsehjelp til barnet i tråd med gjeldande vedtak og retningslinjer Samarbeide tett med med føresatte/pårørende - avlastning Observasjon, kartlegging og iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen) Prosedyrer og medisinsk oppfølging etter opplæring Legemiddelhåndtering, medisinsk behandling og oppfølging Omsorg, stimulering og trening med barnet Samarbeid med ulike tenesteområde og faggrupper Bidra til auka livskvalitet
Kvalifikasjonar Primært ønskeleg med utdanning innan helse Assistenter med relevant erfaring innen helse og/eller arbeid med barn kan bli vurdert.
Relevant erfaring er ein fordel God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR). Det er også krav til at søkjar kan kommunisere på engelsk muntleg. Beherske IKT-verktøy Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben. Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS). Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen mm) Personlege eigenskapar Vi søker etter ein roleg omsorgsperson med gode kommunikasjons- og samarbeidsegenskaper Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar Sjølvstendig, nytenkande og endringsvillig Evne til å både arbeide effektivt og til å bevare ro i hektiske situasjoner Personlege eigenskaper blir vektlagt Vi tilbyr Grundig opplæring Tilrettelagde fasiliteter for den tilsette Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff Pensjonsordning i henhold til tariff
Bedriftshelsetjeneste IA bedrift
KontaktinformasjonMaren Langlo Kongsnes, Avdelingsleiar, 950 65 938, <[email hidden]>
Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, <[email hidden]>
ArbeidsstedSteinholtvegen 6
- 6240 Ørskog
- Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Ålesund kommune
- Referansenr.: 5155654764
- Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 30.08.2026
Om arbeidsgiveren: Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.
Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
JobSpring