Skip to content
← Back to job listings

ID 2472 Sjukepleiar natt - Sunnhordland interkommunale legevakt

STORD KOMMUNE HEIMEBASERTE TENESTER OMRÅDE SENTRUM · Vestland, Norway

External listingfull-time1 day ago

About The Role

Søkjer du ein interessant jobb med spanande utfordringar, der du får nytta erfaringa og kompetansen din? Då kan du vera den rette personen for oss.

Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS si viktigaste oppgåve er å yta tenester og service til innbyggjarane i form av øyeblikkeleg helsehjelp. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår for å nå dette målet. Kulturen og personalpolitikken vår er baserte på å fremja personleg utvikling, ansvarskjensle og arbeidsglede hos den einskilde medarbeidaren.

SIL dekkjer akutttenester for om lag 35 000 innbyggjarar. I tillegg er legevakta legevaktsentral for Kvinnherad og Tysnes kommunar. Avdelingane har eit sterkt fagmiljø med god sjukepleiedekning og tett samarbeid med legar. Her utfører ein laboratoriearbeid i tillegg til ei rekkje medisinske og kirurgiske prosedyrar.

Sunnhordland interkommunale legevakt har ledig fast 70 % nattstilling for sjukepleiar. Stillinga er fordelt mellom legevakta og Døgnavdeling IDA, og er ledig etter avtale med leiar.

Du vert ein del av eit erfarent team på legevakta og vil arbeida som sjukepleiar nummer to på vakt saman med dyktige og erfarne kollegaer.

Dine arbeidsoppgaver vil blant annet være

  • Besvare legevaktstelefon, triagere etter gjeldende skåringssystemet og organisere timelister for vakthavende lege
  • Assistere lege ved undersøkelser og behandling, samt håndtere prøvetaking og laboratoriearbeid
  • Mottak, kartlegging og observasjon av pasienter
  • Ivareta medikamentrutiner og dokumentasjon i pasientjournalsystem
  • Delta i tverrfaglig samarbeid og bidra til et godt pårørendesamarbeid

Kompetanse og personlege eigenskapar hos søkjar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
  • Har gode datakunnskaper.
  • Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig og i team.
  • Evne til å meistre eit høgt arbeidspress.
  • Fleksibilitet.
  • Evne til å bidra til godt samarbeid innan eiga avdeling og i organisasjonen generelt.
  • Evne til å samarbeida tverrfagleg.
  • Evne til å etablere god kommunikasjon og tillit.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Politiattest

Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4

Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.

Me tilbyr

  • Løn etter tariffavtale
  • Utvikling av eit fagmiljø med trivelege arbeidskollegaer der du kan vera med å påverka og utforme avdelinga.
  • Kurs i akuttmedisin og volds- og overgrepshandsaming
  • Ei heilt ny avdeling med flotte lokalar og med spanande utfordringar.

Internundervisning

Pensjonsordning gjennom KLP

Bedriftshelseteneste

Medlemskap i Stord ve og vel

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Om arbeidsgiveren: Sunnhordland interkommunale legevakt IKS dekker legevaktfunksjon for kommunane Fitjar, Bømlo og Stord med samla om lag 35.000 innbyggjarar. Legevakta flytta inn i nye, moderne lokale i 2017 og er lokalisert i tilslutnad til Stord sjukehus. Legevakta og døgnavdelinga har eit triveleg fagmiljø med personale som held høg fagleg kompetanse.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing