Skip to content
← Back to job listings

Helgestilling på Solundheimen

SOLUNDHEIMEN · Vestland, Norway

External listingfull-timeabout 24 hours ago

About The Role

Solund kommune har slått saman institusjonstenesta og heimetenesta til ei eining, der ei samla personalgruppe har ansvar for både sjukeheimspasientar og heimebuande brukarar. Kommunen har òg si eiga ØHD/KAD seng knytt til institusjonstenesta. Solundheimen ligg på Hardbakke i Solund og har 19 sengeplassar. Heimetenesta reiser heim til heimebuande i Solund kommune som treng bistand i heimen. Me har ledige helgestillingar med arbeid 2. eller 3. kvar helg. Stillingsstorleik er 14-20 % avhengig av kor ofte du arbeidar helg. Det er mogleg å vere tilkallingsvikar i tillegg dersom dette er ynskjeleg. Arbeidsoppgåver er mellom anna: personleg hjelp og omsorg til brukarar i og utanfor institusjon bidra til god informasjonsflyt på avdelinga vere fleksibel til også å kunne utføre andre relevante oppgåver bidra aktivt til eit positivt arbeidsmiljø Me ser etter deg som: har helsefagleg utdanning, eller er elev/student og ynskjer helgestilling, eller ikkje har utdanning, men erfaring/interesse for arbeid på sjukeheim eller heimeteneste. For arbeid i heimeteneste krevst det førarkort på vanleg bil. Personlege eigenskapar: positiv, engasjert, fleksibel og med humor og godt humør er serviceinnstilt og set bebuarane sine ynskje og behov i fokus kan arbeide sjølvstendig, og god på å samarbeide Personlege eigenskapar for stillinga vert vektlagt. Vi tilbyr: Løn i følgje tariff. God offentleg pensjonsordning. Godt arbeidsmiljø. I tråd med lov om helsepersonell er det krav om godkjend politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema ved oppstart i stillinga. Velkomen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen.

Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.

I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband.

Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: <http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ>

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing