Skip to content
← Back to job listings

Maskinsjef/Maskinpasser i Askvoll-Gjervik-Fure, p.t. MF Davik

FJORD1 AS · Vestland, Norway

External listingfull-time25 days ago

About The Role

Brenn du for maskinteknikk? Som maskinsjef på MF Davik får du ei nøkkelrolle i å sikre effektiv og påliteleg drift på sambandet Askvoll-Gjervik-Fure. Her får du lange friperiodar til familie og fritid. I arbeidsperioden går du døgnskift i ein ordning med 2 veker på, 1 veker av, deretter 2 veker på 3 veker av. Her får du ein fagleg utfordrande men meiningsfylt jobb. Fjord1 er eit framtidsretta selskap med fokus på miljø, teknologi, konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar. Det er fordelaktiv om du er maskinsjef, men tilsetting av maskinpassar kan også vere aktuelt. Fjord1 har hybelleilegheit i Askvoll som kan disponerast mellom vakter. Reise første og siste dag kvar skiftperiode vert delvis dekka. Kvifor bør du søke?

Du blir ein nøkkelperson i eit team som bidrar til at samfunnet går rundt. Fleksibel skiftordning.

Du blir ein del av eit team med dyktige og engasjerte kollegaer.

Karrieremoglegheiter: Du vil få arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid.

Arbeidsoppgåver Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav

Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem

Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden

Sørge for opplæring av personell under si leiing

Oppgåver knytt til alarminstruks

Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt

Akrivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar

Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn

Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav

Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde

Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert

Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar Må som minimum kunne mønstre som skipsmotormekaniker/motormann Du må vere kvalifisert til å sitte bruvakt Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta

Krise- og passasjerhandtering

Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid

Godt humør

God kommunikasjonsevne

Serviceinnstilt

  • Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og DNMF
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar
  • Tilgang på hybel
  • Skiftordning: Døgnskift, 2 veker på - 1 veke av, 2 veker på - 3 veker av
  • KontaktinformasjonSigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeidar, <[email hidden]>

Arbeidsstad

6980 Askvoll

  • Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 AS
  • Referansenr.: 5159842483
  • Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 17.08.2026

Om arbeidsgiveren: Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing