Skip to content
← Back to job listings

Helgestillinger i Pleie- og Omsorg

BYKLE KOMMUNE HEIMEBASERTE TJEN · Agder, Norway

External listingfull-time14 days ago

About The Role

Her i Bykle kommune skal alle oppleve ei godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod. Vi har fokus på trivsel og glede, kvardagsmestring, faglig gode tenesta og tverrfaglegheit. Pleie og Omsorg i Bykle kommune består av eit sjukeheim med kantine, kjøkken og renhold, heimesjukepleie og to habiliteringstiltak med døgnbemanning.

Nå ønskjer vi oss fleire gode kollegaer som kan jobbe helgestillingar på sjukeheimen. Dei ledige helgestillingane er hver 3. helg med langvakter på 12,5 timer. Har du lyst på mellommenneskelege og faglege utfordringar? Vil du lære mer om det å jobbe i helse? Studerar du og treng kompetanse, og kanskje litt ekstra inntekt? Da er du velkommen til å søke helgestilling hos oss. Sjukeheimen har 15 rom fordelt på 2 avdelingar, og her har vi innbygjarar på langtidsopphold, korttidsopphold, avlastning og rehabilitering, samt ein ØDH-plass. "Heimen" er eit godt sted å bu, og eit godt sted å jobbe. Godt humør er ein viktig del av arbeidskvardagen, og vi er opptekne av å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode, og vi ønskjer DEG med på laget i Bykle! Søknadar vurderast fortløpande.

Arbeidsoppgaver Arbeidsoppgover: Gje omsorg, støtte og praktisk hjelp til bebuarane våre Bidra til at bebuarane opplever tryggleik, meistring og trivsel i kvardagen Delta i personleg stell og daglege aktivitetar Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal Samarbeide med bebuarar, pårørande, kollegaer og andre Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ei positiv oppleving for både bebuarar og kollegaer Kvalifikasjoner Erfaring fra helse er ein fordel og vil bli vektlagt Er du helsefagelev, sykepleier- eller vernepleierstudent eller er det et pluss Du har eit sterkt ønskje om å jobbe med mennesker og med helsefag Du må kunne kommunisere på godt norsk, både skriftleg og munnleg Gode IT-kunnskapar, nytte fagsystem og sikre forsvarleg dokumentasjon Det vert stilt krav om førarkort klasse B, for bruk av tenestebil i arbeidstid Personlige egenskaper Pesonlige eigenskaper: Du er trygg, positiv og møter menneske med respekt og omsorg

Du er glad i menneskjer Du trivst med å samarbeide og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Du tek ansvar og utfører arbeidsoppgåver på ein påliteleg måte Du er lærevillig og ønskjer å utvikle deg innan helse- og omsorgsfaget Du kan handtere ein variert arbeidskvardag og tilpasse deg ulike situasjonar Du kommuniserer godt med bebuarar, pårørande og kollegaer Personleg eignahet tillegges stor vekt. Vi tilbyr Vi tilbyr: Faglige utfordringa i eit godt arbeidsmiljø med flotte kollegaer Årsturnus med langvakter kvar 3. helg. Løn etter tariff Gode pensjons- og forsikringsordningar Ein fjellkommune med fin natur, rein luft og mange mogligheiter for friluftsliv både somar og vinter Velferdstiltak som skapar trivsel og samhold Bedriftslelighet i Kanalbyen i Kristiansand KontaktinformasjonKjersti Lindhjem, Enhetsleder, +47 48248298

ArbeidsstadØvre Sarv 1

4754 Bykle

  • Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bykle
  • Referansenr.: 5161160042
  • Stillingsprosent: 30%

Fast

  • Startdato: 14.09.2026
  • Søknadsfrist: 27.08.2026

Om arbeidsgiveren: Bykle kommune som arbeidsgjevar

Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar Vi er ca. 190 tilsette Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett Vi er ei IA-bedrift

Om Bykle

Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal Kommunesenteret er lokalisert i Bykle Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000 Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter Det er løpande SFO- og barnehageopptak

Avstandar

Bykle - Kristiansand er 18 mil Bykle - Oslo er 29 mil Bykle - Stavanger er 33 mil Bykle - Bergen er 35 mil

Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter.

Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler.

Bykle kommune er opptatt av mangfald og vi oppmodar difor alle som er kvalifisera til å søkje hos oss.

Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnteke offentlegheit, du må grunngje dette skriftleg jf. offentleglova §25. Dersom kommunen ikkje imøtekomer, vil du bli varsla før offentleggjering.

Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar.

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing