Skip to content
← Back to job listings

Reinhaldsoperatør

BREMANGER KOMMUNE TEKNISKE TENESTER DRIFT OG VEDLIKEHALD · Vestland, Norway

External listingfull-time6 days ago

About The Role

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som reinhaldsoperatør ved avdeling reinhald, for tida i Hauge og Kalvåg området. Vi søkjer ein dyktig og påliteleg medarbeidar som ønskjer å bidra til trygge og trivelege bygg for brukarar og tilsette.

Arbeidsoppgåver Som reinhaldsoperatør har du ansvar for: Dagleg reinhald av bygga du er tildelt Å sikre at lokala held høg standard når det gjeld hygiene og trivsel Utføring av oppgåver i tråd med gjeldande rutinar og kvalitetskrav Kvalifikasjonar Fagbrev som reinhaldsoperatør Andre med relevant praksis er også velkomne til å søkje Personlege eigenskapar Vi ønskjer fagleg engasjerte, motiverte og sjølvstendige medarbeidarar. Du er: Positiv og serviceinnstilt Løysingsorientert Strukturert og ryddig God til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre Du må: Ha førerkort kl. B Vere innstilt på endringar Vere ryddig og strukturert Beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg Bidra til eit godt arbeidsmiljø Det blir gjeve naudsynt opplæring og gode vilkår for fagleg utvikling. Serviceinnstilling og personlege eigenskapar vert vektlagt. Leiinga kan gjere endringar i stillinga sitt arbeids- og ansvarsområde Vi tilbyr Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her: Hjelp til å finne bustad og barnehageplass Gratis barnehage Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år. Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner) Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. Les meir om ordningane på <https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/>

I tillegg får du: Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon. Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale Senioravtale for tilsette over 62 år Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear! KontaktinformasjonHilde Larsen, Fagleiar Reinhald, +47 94970027

ArbeidsstadSvelgen

6723 Bremanger Municipality

  • Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bremanger kommune
  • Referansenr.: 5164651934
  • Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 06.09.2026

Om arbeidsgiveren: Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?

Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.

Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.

Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på <www.bremanger.kommune.no> og <www.godebremanger.no> !

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing