Skip to content
← Back to job listings

Me ynskjer fleire dyktige helsefagarbeidarar til Balestrand helsetun og heimeteneste

BALESTRAND HELSETUN · Vestland, Norway

External listingfull-time11 days ago

About The Role

No er det ledige stillingar, og me håpar du vil bli vår nye kollega!

Som helsefagarbeidar på Balestrand helsetun og heimeteneste blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på jobb. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.

Balestrand helsetun består av tre små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. Heimetenesta ligg i tilknyting til helsetunet og ein har eit tett samarbeid. I same bygget ligg også legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta.

Me har stor breidde i oppgåvene og i bebuarane og pasientane våre, og me jobbar med alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver.

Om stillingane

Balestrand helsetun og heimeteneste har ledig følgjande stillingar som helsefagarbeidar: 100% fast stilling i turnus på helsetunet ledig frå d.d. 100% fast stilling i turnus i heimetenesta frå 01.09.26 Vernepleiarar vil og bli vurdert for stillingane. For stillingane gjeld turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for tilpassingar som til dømes langvakter med 4. kvar helg.

Arbeidsoppgåver: Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim og heimebuande. Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar Vere medpå prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar: Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar/vernepleiar med norsk autorisasjon Førarkort klasse B for stilling i heimetenesta Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens, geriatri/psykiatri eller rehabilitering Beherske norsk, skriftleg og munnleg. Krav om å levere inn dokumentasjon på norskkunnskapane. Personlege eigenskapar: Løysingsfokusert Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt. Personlege eigenskapar vil verte vektlagde Me tilbyr: Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar Gode velferdsordningar Godt fagleg miljø Årsturnus Løn etter tariff Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med kr. 25.000 i året kan vere aktuelt for deg som har bustadadresse i Sogndal kommune. Sjå <Lånekassen.no> for meir informasjon om kvalifisering Berre søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut <sogn.no> for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.

Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: <https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837>

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing