Skip to content
← Back to job listings

Vil du bli ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø?

ETNEDAL KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON · Vestland, Norway

External listingfull-time15 days ago

About The Role

To av våre dyktige og trufaste spesialsjukepleiarar går av med pensjon etter mange år i tenesta. Me søkjer difor etter to engasjerte spesialsjukepleiarar/sjukepleiarar i 100 % faste stillingar til vår sjukeheimsavdeling. Avdelinga har 20 sjukeheimsplassar, fordelt på kortid- og langtidsplassar. Me er opptekne av å gi gode tenester av høg kvalitet til bebuarane våre, samtidig som me tek vare på kvarandre og skapar eit trygt og godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver Sjukepeleiarfagleg oppfølging av bebuarar på korttids- og langtidsopphald Kartlegging, planlegging og evaluering av pleie- og omsorgstiltak Samarbeid med bebuarar, pårørande og tverrfaglege samarbeidspartnarar Bidra til kvalitetsutvikling og fagleg arbeid i avdelinga Gi rettleiing og støtte til kollegaer, elevar og studentar Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Videreutdanning som spesialsjukepleiar innan geriatri er ønskjeleg Gode norskkunnskaper, munntleg og skriftleg Interesse for eldreomsorg og fagleg utvikling Evne til å arbeide sjølvstendig og i team Eigenskapar Me ønsker medarbeidarar som: Er fagleg engasjerte og omsorgsfulle Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø Er ansvarsmedvitne og løysningsorienterte Er fleksible og har gode samarbeidsevner Me tilbyr 100% fast stilling, det kan leggjast tilrette for ein lågare stillingsstorleik dersom det er ønskeleg

Moglegheit til å velgje mellom: Langvakter med arbeid kvar fjerde helg Ordinære vakter med arbeid kvar tredje helg

Eller ein kombinasjon av lange og ordinære vakter Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar For sjukepleiarar som ønsker å ta videreutdanning er der rom for å søkje tilrettelegging og stipend Gratis parkering Årlege fagdagar for heile personalgruppa Annan informasjon Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.

TIlgjengelegheitserklæring: <https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632>

This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing